Harnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Harnes er eit gammalt gardsnamn frå nordspissen av Harøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Namnet består av stavingane har-, truleg i tydinga 'fjell' eller 'berg' og -nes (landtunge mot sjøen), ifølge Norske Gaardnavne.[1] Har kan opphavleg ha vore namnet på øya (Harøya).[2] I skriftlege kjelder er namnet første gong nemnt i Aslak Bolts jordebok, der det er skrive inn ein gong mellom 1432/33 og 1450.[2] Det er gjort gravfunn på garden[2] som truleg stammar frå jarnalderen, og det er også gjort ei rekkje funn frå steinalderen.[2] Husa på Harnes låg samla i eit klyngetun fram til utskiftinga i 1861. Då vart garden delt opp i sju gardar, Bergan, Nystauå, Ingebrigtstauå, Skjesvolla, Myra, Masstauå og Gjerdet. Harnes låg i Sandøy kommune fram til samanslåinga med Ålesund i 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «O. Rygh: Norske Gaardnavne», www.dokpro.uio.no, henta 11. september 2020 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Historia om Harnes», Harnes, 21. august 2019, henta 11. september 2020 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]