Hopp til innhald

Harold Alexander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harold Alexander

Fødd10. desember 1891
FødestadLondon
Død16. juni 1969
DødsstadSlough
Rangfeltmarskalk, general
EiningBritish Army
Konfliktarden fyrste verdskrigen, Den latviske uavhengighetskrigen, andre verdskrigen
AdelstittelEarl Alexander of Tunis, Viscount Alexander of Tunis, Baron Rideau

Harold Rupert Leofric George Alexander (10. desember 189116. juni 1969) var ein britisk feltmarskalk og politikar som er kjend for bidraga sine under andre verdskrigen. Han var generalguvernør i Canada 1945-52, og britiks forsvarsminister 1952-54 i ei regjering leia av Winston Churchill.[1]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1940 leia Alexander tilbaketrekkinga til dei britiske styrkane over Dunkerque. Deretter var han sjef for forsvaret av Sør-England. Mars-august 1942 var han øvstkommanderande i Burma. Han vart så overflytta til Midtausten, der han leia styrkane som erobra Kyrenaika hausten 1942 og Tripoli i januar 1943. Frå juli 1943 leia han felttoget på Sicilia og den etterfylgjande invasjonen av Italia om hausten. Julaftan 1943 avløyste han Dwight D. Eisenhower som sjef på den italienske fronten og vart i november 1944 øvstkommanderande i middelhavsområdet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]