Harold Bradley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harold Bradley
Fødd2. januar 1926 (93 år)
FødestadNashville i Tennessee
Død31. januar 2019
FødenamnHarold Bradley
AliasHarold Ray Bradley
OpphavUSA
Sjangerpop
Instrumentgitar
Tilknytte artistarPatsy Cline

Roy Orbison Elvis Presley Bill Chinnock
Slim Whitman

Loretta Lynn
Verka somGitarist
PrisarGrammy Trustees Award

Harold Bradley (fødd 2. januar 1926), òg kjend som Harold Ray Bradley, er ein USA-amerikansk country- og popgitarist og entreprenør.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bradley var fødd i Nashville i 1926 og spelte banjo som barn før han byta til gitar etter råd frå den eldre broren, Owen. Owen fekk Harold med på turné med Ernest Tubb medan Harold framleis gjekk på vidaregåande skule. Då han var ferdig på skulen gjekk Bradley inn i marinen, og så på college i Nashville, der han studerte musikk. Han akkompagnerte Eddy Arnold og Bradley KincaidGrand Ole Opry. Den første innspelinga hans i studio var med Pee Wee King and the Golden West Cowboys i 1946.[treng kjelde]

I 1954 bygde Owen og Harold Bradley Film and Recording Studios, seinare kalla Quonset Hut, som var den første musikkføretaket på det som i dag vert kalla Music Row.[treng kjelde] Bradley spelte som studiomusikar inn i 1970-åra, og spelte på hundrvis av album med countrystjerner som Patsy Cline, Willie Nelson, Roy Orbison, Elvis Presley og Slim Whitman. Han spelte òg bassgitar på fleire plater, og brukte ein «tic-tac»-metode for å dempe bassen. I følgje magasinet Guitar Player, er Bradley den mest innspelte gitaristen i verda og han var medlem av Nashville A-Team, som vart innlemma i Musicians's Hall of Fame i 2007. Harold spelte inn tre album som popgitarist på Columbia Records, «Misty Guitar», «Guitar for Lovers Only» og «Bossa Nova Goes to Nashville» i 1960-åra.[treng kjelde]

Frå 1991 til 2008 var Bradley direktør i Nashville-avdelinga av American Federation of Musicians (AFM). Bradley vart innlemma i Country Music Hall of Fame i 2006, slik broren Owen vart før han. I 2010 fekk Harold Trustees Award under Grammyprisutdelinga.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]