Harpefoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harpefoss
tettstad
none  Harpefoss
Harpefoss
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Sør-Fron
Areal 0,98 km²
Folketal 339 (2015)
Folketettleik 346 / km²
Postnummer 2647 SØR-FRON
Wikimedia Commons: Harpefoss

Harpefoss er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Oppland fylke. Staden har 339 innbyggjarar per 1. januar 2015. Harpefoss ligg ved Lågen mellom Hundorp og Vinstra.

Harpefossen som har gjeve tettstaden namn.
Foto: Axel Lindahl/Norsk folkemuseum

Harpefoss vart teke i bruk som namn etter jarnbaneutbygginga i 1896, da jarnbanestasjonen fekk namnet Harpefoss. Tidlegare gjekk området under namna Skurdal og Ryssland, på respektive vestre og austre sida av Lågen. Harpefossen var namnet på fossen som skilde dei to grendene.

Ved jarnbaneutbygginga vart Harpefoss hotell oppført. Det er det einaste av dei opphavlege hotella frå jarnbaneutbyggingstida som framleis står i Gudbrandsdalen. Det er oppførd i sveitsarstil med nygotiske trekk. Det er for lenge sidan nedlagd som hotell, og etter ein periode med landhandeldrift tener bygning no som bustadhus. Frå 2011 vart Harpefoss hotell opna igjen som kulturarena for kunst, litteratur og musikk.

Fossen Harpefoss er ein foss i Gudbrandsdalslågen. I ei kilometerlang strekkje renn Lågen i eit trongt gjel. Fossen vart i 1960-åra bygd ut. Fallhøgda er 35 meter, og Harpefoss kraftstasjon ved Solbrå har ei installert effekt på 92 MW.

Turisme har tydd mykje for staden. Sidan jarnbanen kom og lett kunne frakte gjester til dalen har stølsområda vore nytta til turisme. Dei høgfjellshotella som framleis er i drift er Wadahl og Gålå. Ved Gålåvatnet vert kvart år Ibsens Peer Gynt framførd på ein friluftscene. Pensjonata Skogly og Grøntuva er nedlagde. I nyare tid er gardsturismen ei aktuell form for turisme. Sygard Grytting vert drive som overnattingsstad, og Rudi Gard vert drive som ein opplevingsstad med ulike arrangement.

Sør-Fron ungdomsskole ligg på Harpefoss. Det var den tredje ungdomsskulen som vart etablert i Noreg, så tidleg som i 1959. Attved ungdomsskulen er Sør-Fron kulturhus bygd, det vert nytta til idretts- og kulturarrangement.

Harpefoss stasjon er nedlagd, og poststaden 2645 Harpefoss er òg utgått.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.