Harpun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuittiske harpunar
Harpun av bein frå steinalderen. Azilien-kulturen i Sør-Frankrike ca. 12300-9600 f.Kr.

Harpun (frå fransk harpon gjennom nederlandsk harpoen)[1] er eit stikkvåpen utvikla til jakt og fangst, særleg av havpattedyr som selar og kvalar, men også til fangst av større fiskar. Spissen på harpunen er utstyrt med mothaker for å unngå at bytet kan frigjera seg frå harpunen etter at det er treft. I enden av harpunen har mange valt å festa ei line som gjer det mogleg å kontrollera bytet. Det finst to hovudtypar av harpun, såkalla handharpun og granatharpun.

Handharpun[endre | endre wikiteksten]

Mann med harpun i 1936.

Handharpunen er eit stikkvåpen som er avhengig av eit støytskaft for å trenga inn. Etter innstikking har skaftet inga tyding fordi lina er festa til sjølve harpunspissen, som blir nytta til å trekka til seg fangsten. Dette er ein gammal fangstreiskap som er kjent heilt tilbake frå steinalderen. Våpenet blir framleis brukt av arktiske jegerfolk til fangst av sel og kval. Sportsdykkarar bruker også moderne utgåver av dette våpenet til harpunering av fisk.

Granatharpun[endre | endre wikiteksten]

Granatharpun i bruk

Granatharpun er eit stikkvåpen som blir skote ut med ein harpunkanon. Harpunen er utstyrt med eit granathovud som eksploderer etter innstilt tid. Denne oppfinninga fekk den endelege utforminga si i første halvdel av 1860-åra. Designeren og konstruktøren av harpunen var norske Jacob Nicolai Walsøe på 1840-talet. Nordmannen Erik Eriksen var òg tidleg ute med idear om ein granatharpun på 1850-talet, han samarbeidde seinare med Svend Foyn, som fekk æra. Harpunen blei fyrst patentert og industrialisert av Svend Foyn i 1886, som med dette opna for den «moderne» kvalfangsten. Ved fangst av mindre kvalartar sløyfar ein som oftast sprenggranaten.

Kven som eigentleg fann opp granaten har vire kjelde til diskusjon. Den amerikanske oppfinnaren Horace Smith, ein av grunnleggarane av våpenfabrikken Smith & Wesson, er òg oppgitt som oppfinnar av the explosive bullet used to kill the whale.

Den eigentlege oppfinnaren er utan tvil Jacob Nicolai Walsøe, fødd på Lødingen 26. september 1819. Han hadde utvikla ein granatharpun allereie i 1840-åra, og søkte om offentleg støtte til eksperimenta sine då. Han fekk støtte av Selskapet for Noregs Vel i 1849, men blei nekta å ta ut patent på oppfinninga sidan han hadde mottatt støtte frå staten til eksperimenta sine og oppfinninga. Han freista, men klarte ikkje å reisa tilstrekkelege middel til å realisera oppfinninga si i praktisk drift.

Erik Larsen Vognild, fødd på Vognild i Oppdal 28. august 1844, var òg tidleg ute med ideen sin for granatharpun. Han hadde ein ide og konstruerte granatharpunen sin, men hadde ikkje økonomi til å setja han i produksjon. Svend Foyn hadde derimot økonomi til det, og hausta òg æra for oppfinninga. Vognild reiste i ung alder til Ibestad i Troms. Der konstruerte han den første treskemaskina som var driven av hestekraft. Han drog seinare til Amerika der han vann ry som den beste urmakaren i Chicago.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «harpun» i Nynorskordboka.
  2. Opdalslagets aarbok 1930

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • «The Discovery of King Karl Land, Spitsbergen, Adolf Hoel, The Geographical Review Vol. XXV, No. 3, July, 1935, Pp. 476-478, American Geographical Society, Broadway AT 156th Street, New York»
  • Store norske leksikon, Aschehoug & Gyldendal.
  • «History of Smith and Wesson» by Roy G. Jinks ISBN 0-917714-14-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Harpun