Harran al-Awamid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harran al-'Awamid
حران العواميد
by
Dei basaltiske, romerske søylene som Harran al-Awamid har fått namnet sitt frå, 1903
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq
Distrikt Douma
Underdistrikt Harran al-Awamid
Koordinatar 33°26′50″N 36°33′33″E / 33.44722°N 36.55917°E / 33.44722; 36.55917
Folketal 12 117  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Harran al-Awamid
33°26′50″N 36°33′33″E / 33.44722222°N 36.55916667°E / 33.44722222; 36.55916667
Wikimedia Commons: Harran al-Awamid

Harran al-'Awamid (arabisk حران العواميد) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, søraust for Damaskus. Han ligg på ei slette som strekkjer seg til myrområda Bahrat al-Qibliyah («Sørlege innsjøen», kjelda til Barada) langs ytterkanten av det frodige Ghouta-området vest og nord for Hauran.[2] Av stader i nærleiken finn ein al-Kafrin og Judaydat al-Khas i sør, al-Atibah i nordaust, al-Abbadeh og al-Qisa i nord, al-Ahmadiyah i nordvest, Sakka i vest og Ghasulah og al-Ghizlaniyah i sørvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Harran al-'Awamid eit folketal på 12 117 i 2004. Han er det administrative senteret og den største staden i Harran al-'Awamid nahiyah («underdistrikt») som består av fire stader med eit samla folketal på 22 853 i 2004.[1] Byen var kjend for leirmursteinsarkitekturen og tre basaltsøyler frå eit romersk tempel, som har gjeve namnet Harran al-'Awamid («Harran med søylene»). Sjølve søylene steig ut av taket på ein leirsteinsbygning, som i lag med mange av husa i byen ligg i ruinar i tempelet.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under osmansk styre seint på 1800-talet, vart Harran al-Awamid vitja av arkeologen William McLure Thomson, som hevda at det var Haran som er nemnt i Bibelen. Han noterte at plantasjen Bahrat al-Qibliyah var mogeleg ås jå frå taket på moskéen i landsbyen. Området var busett av beduinar (nomadar) og halvnomadiske arabarar.[4]

Romersk tempel[endre | endre wikiteksten]

Fordi ruinane av det romerske tempelet, som truleg er datert til regjeringstida til keisar Filip Arabaren (244-49 fvt.), ligg mellom ruinane av leirmursteinshusa i Harran al-Awamid, er ein ikkje viss på korleis planteikninga av tempelet såg ut. Men ein har funne at strukturen vart bygd på eit høgt podium, noko høgda til søylene indikerer. Plasseringa av dei synlege søylene var truleg i det nordvestlege hjørnet av tempelet.[5] Søylene har ei høgd på kring 4 meter og ei breidde på 2 meter.[6] Dei er bygd i ionisk stil frå svart basaltstein med utsmykka, graverte bokstavar.[5]. Søylene bestod av anten seks eller sju delar som er sprekt opp eller slitne ned.[6] Stilen på bokstavane liknar stilen på søyler på andre romerske tempel i Hauran-regionen.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-09-24 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Saliou, Catherine (1998). «Une Épitaphe De Harran El ‘Awamid» (PDF). Zeitschrift für Papyrologie und Epigraphik (122): 102–104.  (fransk)
  3. Butler, 1903, s. 398.
  4. Thomson, s. 414-415.
  5. 5,0 5,1 5,2 Butler, 1998, s. 399.
  6. 6,0 6,1 Thompson, s. 416.