Harriet Beecher Stowe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harriet Beecher Stowe

Statsborgarskap USA
Fødd 14. juni 1811
Litchfield
Død

1. juli 1896 (85 år)
Hartford

Yrke romanforfattar, lyrikar, barnebokforfattar, novelleforfattar, skribent, antislaveriaktivist
Språk engelsk
Sjanger roman, fortelling
Religion Protestantisme
Far Lyman Beecher
Mor Roxana Foote Beecher
Ektefelle Calvin Ellis Stowe
Born Charles Edward Stowe
Signatur
Harriet Beecher Stowe på Commons

Harriet Beecher Stowe (14. juni 18111. juli 1896) var ein amerikansk forfattar og slaverimotstandar. Hennar kanskje mest kjende bok er Onkel Toms hytte, som tek for seg slaveriet i USA. I 1986 blei ho vald inn i den amerikanske National Women's Hall of Fame.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Harriet Elisabet Beecher var fødd i Litchfield i Connecticut,[1] men voks hovudsakleg opp i Hartford i same delstaten. Her var far hennar Lyman Beecher (1775-1863) kalvinistisk prest og ein av dei leiande i rørsla for å avskaffa slaveriet. Ho var den sjette av elleve barn.[2] Mor hennar, Roxana (Foote), døydde då Harriet var fem år gammal. Fleire av brørne hennar blei predikantar, med Henry Ward Beecher som den best kjende. Systera Catharine Beecher blei pedagog og forfattar.[3] Harriet blei elev ved Hartford Female Seminary som Catharine dreiv. Her fekk ho ei akademisk utdanning som var særsynt for jenter på denne tida, med opplæring i klassisk litteratur, språk og matematikk. Ein av klassekameratane hennar var Sarah P. Willis, som seinare skreiv under løyndenamnet Fanny Fern.[4]

Lærer, journalist, abolisjonist[endre | endre wikiteksten]

I 1832, då ho var 21, flytta Harriet Beecher til Cincinnati i Ohio, der faren var blitt president for Lane Theological Seminary.

I 1836 gifta Harriet Beecher seg med Calvin Ellis Stowe. Dei fekk sju barn. Ho arbeidde i fleire år som lærer i ein skule som ein av systrene hennar hadde oppretta, før ho som skjønnlitterær medarbeidar i ei lokalavis fekk eit gjennombrot i 1852 med romanen Uncle Tom's Cabin or, Life Among the Lowly, som opphavleg kom ut som føljetong i ei abolisjonistisk avis.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Stowe skreiv romanen Onkel Toms hytte som eit svar på Fugitive Slave Act, ein lov vedteken i 1850 som straffa dei som hjelpte rømde slavar og reduserte rettane både for rømde og frigjevne svarte. Boka blei hovudsakleg skriven i Brunswick der mannen hennar underviste ved Bowdoin College. Ekteparet Stowe var skarpe kritikarar av slaveriet, og støtta rørsla for å hjelpa slavar å rømma, den såkalla Underground Railroad. Dei husa fleire rømde slavar i heimen sin. Ein rømling, John Andrew Jackson, skreiv om tida si hjå familien Stowe i Brunswick i Maine under flukta si til Canada i The Experience of a Slave in South Carolina (London: Passmore & Albaster, 1862).[5]

Stowe sa ho fekk ein visjon av ein døyande slave under ei gudsteneste, noko som inspirerte henne til å skriva Onkel Toms hytte.[6]

Ho skal òg ha fått inspirasjon til romanen frå sjølvbiografien til Josiah Henson, ein afroamerikanar som budde og arbeidde som slave på ein tobakkplantasje i North Bethesda i Maryland. Henson rømde frå slaveriet i 1830 ved å flykta til Øvre Canada (no Ontario), og blei verande der for å hjelpa andre rømde slavar med å koma seg dit og bli sjølvforsørgende. Her skreiv han òg memoara sine.

Stowe sa seinare at memoara til Henson inspirerte Onkel Toms hytte. Då boka til Stowe fekk merksemd, gav Henson si bok ut på nytt med tittelen The Memoirs of Uncle Tom, og reiste mykje rundt i Europa og Amerika. Romanen til Stowe «lånte ut» namnet sitt til Henson sitt hus – Onkel Toms hytta, no ein historisk stad nær Dresden i Ontario – som har vore museum sidan 1940. Den faktiske hytta som Henson budde i som slave finst framleis i Montgomery County i Maryland.

I 1852 kom også A key to Uncle Tom's Cabin, der Stowee, etter at det var stilt spørsmål om romanen, ville dokumentera at han bygde på verkelege hendingar. Boka blei følgd opp i 1856 med Dred, a tale of the dismal swamp.

I 1870 gav Beecher Stowe ut Lady Byron vindicated: a history of the Byron controversy from its beginning in 1816 to the present time. Her skulda ho Lord Byron for incest.[7]

Ho var ein tidleg vegetarianer og ein av pionerane i American Vegetarian Society.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McFarland, Philip. Loves of Harriet Beecher Stowe. New York: Grove Press, 2007: 112. ISBN 978-0-8021-4390-7
  2. Hedrick 1994, s. 6.
  3. Applegate, Debby (2006). The Most Famous Man in America: The Biography of Henry Ward Beecher. Doubleday Religious Publishing Group. ISBN 978-0-307-42400-6.
  4. Warren, Joyce W. Fanny Fern: An Independent Woman. New Brunswick, NJ: Rutgers University Press, 1992: 21. ISBN 0-8135-1763-X
  5. Ashton, Susanna. «The Genuine Article: Harriet Beecher Stowe and John Andrew Jackson». Commonplace: A Journal of Early American Life. Henta 14. november 2020. 
  6. Ashby, Thompson Eldridge and Louise R. Helmreich (1969). A History of the First Parish Church in Brunswick, Maine. Brunswick, Maine: J.H. French. s. 229. 
  7. Libris
  8. HistoryHouse, vegetarisk historia
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Harriet Beecher Stowe