Harrison Dillard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harrison Dillard


Statsborgarskap USA
Fødd 8. juli 1923
Cleveland
Død

15. november 2019 (96 år)
Cleveland

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Målgang i 100-metersfinalen under Sommar-OL 1948, med Harrison Dillard i ytre bane

William Harrison Dillard (8. juli 192315. november 2019) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Cleveland i Ohio som tevla i sprint og hekkeløp. Han vart dobbelt olympisk meister både i 1948 og 1952. Dillard er den einaste utøvaren som har vunne OL-gull både på 100 meter og 110 meter hekk.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1940-åra var Dillard ein av dei fremste hekkeløparane i verda. Han lukkast likevel ikkje å kvalifisere seg til OL 1948 på 110 meter hekk, men kom i staden på tredjeplass i 100 meter-uttaket og fekk OL-billett til London. Under sommarleikane i London tok Dillard seg til finalen på 100 meter, der det enda med dødt løp mellom Dillard og landsmannen Barney Ewell. Fyrst etter at juryen hadde studert målfoto vart Dillard kårar til vinnar. Tida 10,3 sekundar var tangering av verdsrekorden og ny olympisk rekord. Dillard deltok også på USA sitt lag i 4 x 100 meter stafett, og saman med Barney Ewell, Lorenzo Wright og Mel Patton vann han seg si andre gullmedalje, med vertslandet Storbritannia på andreplass.

Fire år seinare kvalifiserte Dillard seg til OL 1952 i spesialøvinga 110 meter hekk. I Helsinki sprang han inn til gullmedaljen på same tid som landsmann og sølvvinnar Jack Davis, begge fekk tida 13,7 og var i ein klasse for seg. Seinare under 1952-leikane vann han si fjerde gullmedalje då USA forsvarte meistertittelen i 4 x 100 m stafett, godt hjelpt av lagkameratane Dean Smith, Lindy Remigino og Andy Stanfield.

I 1956 prøvde Dillard å kvalifisere seg til sitt tredje sommar-OL, utan suksess.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1948 i London: Gullmedaljar på 100 m – 10,3, framom Barney Ewell (10,3 ) og i 4 x 100 m stafett
  • OL 1952 i Helsinki: Gullmedaljar på 110 m hekk – 13,7 og i 4 x 100 m stafett (40,1)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]