Harry Beckett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Beckett
Harry Beckett.jpg
Fødd30. mai 1935(1935-05-30)
FødestadSaint MichaelBarbados
Død22. juli 2010 (75 år)
DødsstadLondon, England
FødenamnHarold Winston Beckett
OpphavStorbritannia
Aktiv1961–2010
Sjangerjazz
InstrumentTrompet, flygelhorn
Verka somMusikar

Harold Winston «Harry» Beckett (30. mai 193522. juli 2010)[1] var ein britisk trompetist og flygelhornspelar frå Barbados.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Harry Beckett var fødd i Bridgetown i Saint Michael på Barbados og lærte å spele musikk i korpset til Frelsesarmeen.[2] Han flytta til Storbritannia i 1954 og fekk eit internasjonalt ry. I 1962 spelte han med Charles Mingus i filmen All Night Long.[3] I 1960-åra arbeidde han og spelte inn musikk med bassisten og komponisten Graham Collier.[3] Frå og med 1970 leia han sine eigne grupper, og spelte inn musikk for mellom andre Philips, RCA og Ogun Records.

Han var ein nøkkelfigur for fleire viktige grupper i frijazz og improvisasjonsmusikkmiljøet i Storbritannia, inkludert Ian Carr sitt Nucleus, Brotherhood of Breath og The Dedication Orchestra, London Jazz Composers Orchestra, London Improvisers Orchestra, John Surman's Octet, Django Bates, Ronnie Scott's Quintet, Kathy Stobart, Charlie Watts, Stan Tracey's Big Band and Octet; Elton Dean sitt Ninesense.[4] Han har òg spelt inn musikk med Keef Hartley, Jah Wobble, David Sylvian og arbeidd med David Murray. Han turnerte utanlands med Johnny Dyani, Chris McGregor, Keith Tippett, John Tchicai, Joachim Kühn, Dudu Pukwana's Zila, George Gruntz's Bands, den belgiske kvintetten The Wrong Object, Pierre Dørge sitt New Jungle Band og Annie Whitehead sitt Robert Wyatt-prosjekt, Soupsongs, i lag med Phil Manzanera og Julie Tippetts.

Det dub-aktige albumet The Modern Sound of Harry Beckett vart produsert av den kjende britiske produsenten Adrian Sherwood og kom ut på On-U Sound seint i 2008.

I 1972 vann Beckett ein pris i Melody Maker som beste trompetist i Storbriannia. Han var medlem av Orchestre National de Jazz mellom 1997 og 2000.[3]

Beckett døydde av hjerneslag den 22. juli 2010.[5]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Graham Collier

Med Barry Guy/The London Jazz Composers' Orchestra

  • Ode (Incus, 1972)

Med Oliver Nelson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje kona, var Beckett 86 år då han døydde, sjå minneord av Steve Voce, The Independent, 24. august 2010, der fødselsdatoen er gjeve som 30. mai 1923.
  2. Steve Voce, «Harry Beckett: Highly respected trompeter who worked with Mingus, Scott, Dankworth and Tracey», The Independent, 24. august 2010.
  3. 3,0 3,1 3,2 Fordham, John (26. juli 2010). «Jazz trompeter and composer, his genial, unmistakable sound became legendary». The Guardian. Henta 30. mai 2018. 
  4. Fordham, John (9. juni 2011). «Elton Dean's Ninesense: Ninesense Suite/Natal – review». The Guardian. Henta 30. mai 2018. 
  5. «Jazz breaking news: Trumpeter Harry Beckett Dies». Jazzwise magazine. 23. juli 2010. Henta 30. mai 2018.