Harry Belafonte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Belafonte
Harry Belafonte 2011 Shankbone.JPG
Fødenamn Harold George Bellafanti jr.
Fødd 1. mars 1927
New York by
Sjanger Calypso
Yrke songar, skodespelar, fredsaktivist

Harry Belafonte (fødd 1. mars 1927) er ein jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar. Han er særleg kjent for å ha gjort den melodiøse og rytmiske calypso-musikken frå dei karibiske øyane verdskjent på 1950- og 1960-talet, men han har òg sunge balladar, viser, negro spirituals, musikalnummer og anna, framført med ein karakteristisk mjuk og varm stemme. Belafonte har òg brukt kjendisstatusen sin for å fronte kampen for menneskerettar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Harry Belafonte som glad calypsosongar i typisk sceneantrekk (1954)
Dei amerikanske skodespelarane Harry Belafonte (i midten), Sidney Poitier og Charlton Heston ved Lincoln Memorial i Washington DC under ein borgarrettsmarsj i 1963.
Den 83-årige Harry Belafonte frå premieren på Sing Your Song, dokumentarfilmen om han, under Filmfestialen i Berlin i februar 2011.

Belafonte vart fødd i Harlem i New York City som son av Harold George Bellanfanti sr. frå Martinique og Melvine frå Jamaica. Belafonte fekk namnet Harold George Bellanfanti jr. etter faren. Frå 1932 til 1939 budde han hos bestemora på Jamaica.

Etter opphaldet på Jamaica kom han attende til New York, der han gjekk på George Washington High School, deretter gjekk han inn i US Navy under andre verdskrigen. Belafonte var ei aktiv støtte av den amerikanske borgarrettsrørsla og var sidan særs involvert i veldedigheitsarbeid og politisk aktivisme.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1940-talet gjekk han på teaterskole og fekk deretter jobb ved ulike teater. For innsatsen sin i musikalen Almanac vann han ein Tony, som vert sagt å vera teateret sin Oscar.

Harry Belafonte er kanskje mest kjent for sin fremføring av «Banana Boat Song», med det kjende uttrykket «Day-O». Gjennombrotalbumet hans Calypso (1956) var det første albumet som selde over 1 million eksemplar. Han var den første afro-amerikanaren som vann ein Emmy-pris, med det første TV-programmet sitt Tonight with Belafonte.

Harry Belafonte har i tillegg til å spela inn ei mengd plater og haldt konsertar. Han spelte òg fleire rollar på teater, i filmar og i fjernsynsproduksjonar. I 2000 vart han tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for bidraga sine i platebransjen. Han har dessutan blant anna fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Belafonte er innehavar av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjevener.

Harry Belafonte var ein nær medarbeider av Martin Luther King jr. på 1960-talet og bidrog økonomisk til hans borgerettighetkampanjer. Belafonte er òg vorte utnemnt til goodwill-ambassadør for UNICEF.

Belafonte har dei siste åra markert seg som skarp motstandar av amerikansk utanrikspolitikk.

I 2011 kom Sing Your Song, ein dokumentarfilm om Harry Belafontes karriere og liv.

Ei av døtrene til Harry Belafonte, Shari Belafonte, er fotograf, skodespelar og modell.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: "Mark Twain" and Other Folk Favorites
  • 1955: Three for Tonight (Original Soundtrack)
  • 1956: Belafonte
  • 1956: Calypso
  • 1957: Belafonte Sings of the Caribbean
  • 1957: Evening with Belafonte
  • 1958: Belafonte Sings the Blues
  • 1958: Presenting the Belafonte Singers
  • 1959: Belafonte at Carnegie Hall
  • 1959: Cheers: Drinking Songs Around the World
  • 1959: Love Is a Gentle Thing
  • 1959: Porgy & Bess
  • 1960: Belafonte Returns to Carnegie Hall
  • 1960: My Lord What a Mornin'
  • 1960: Swing Dat Hammer
  • 1961: At Home and Abroad
  • 1961: Jump Up Calypso
  • 1962: Many Moods of Belafonte
  • 1962: Midnight Special
  • 1962: To Wish You a Merry Christmas
  • 1963: Streets I Have Walked
  • 1964: Ballads, Blues and Boasters
  • 1964: Belafonte at the Greek Theatre
  • 1965: An Evening with Belafonte/Makeba
  • 1966: An Evening with Belafonte/Mouskouri
  • 1966: Belafonte-En Gränslös Kväll På Operan (An Evening Without Borders at the Operahouse)
  • 1966: Calypso in Brass
  • 1966: In My Quiet Room
  • 1967: Belafonte on Campus
  • 1968: Belafonte Sings of Love
  • 1969: Homeward Bound
  • 1970: By Request
  • 1970: Harry & Lena
  • 1971: Calypso Carnival
  • 1971: Warm Touch
  • 1972: Belafonte...Live!
  • 1973: Play Me
  • 1974: Belafonte Concert in Japan
  • 1977: Turn the World Around
  • 1981: Loving You is Where I Belong
  • 1988: Paradise in Gazankulu
  • 1989: Belafonte '89
  • 1991: Tradition of Christmas
  • 1993: Live in Concert at the Carnegie Hall
  • 1997: An Evening with Harry Belafonte & Friends
  • 1999: At Carnegie Hall
  • 2001: The Long Road To Freedom, An Anthology

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]