Harry Fett
Utsjånad
| Harry Fett | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 8. september 1875 Christiania |
| Død |
13. september 1962 (87 år) |
| Yrke | kunsthistorikar, forretningsdrivande, arkeolog, kunstsamlar, kommentator |
| Språk | norsk |
| Verv | Riksantikvar |
| Periode | 1913-1946 |
| Føregangar | Herman Major Schirmer |
| Etterfylgjar | Arne Nygård-Nilssen |
| Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
| Far | Eduard Fett |
| Mor | Ester Fett |
| Harry Fett på Commons | |
Harry Per Fett (fødd 8. september 1875 i Christiania, død 13. september 1962 i Oslo) var ein norsk kunsthistorikar, riksantikvar og fabrikkeigar.[1]

Foto: Pål Giørtz
Harry Fett var riksantikvar 1913–1946 og var i stor grad den som bygde opp dette embetet. Hans forgjengar og landets første riksantikvar, Herman Major Schirmer, sat i stillinga i berre fem månader før han døydde. Harry Fett vart av arkitekten Håkon Christie karakterisert som energisk, handlingsorientert, og ein leikande virvelvind.
Fett var innehavar av St. Olavs Orden.[1]