Harry Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Hansen
Fødd14. januar 1919
Død5. september 2003 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Harry Hansen (14. januar 19195. september 2003) var ein politikar frå Bergen som representerte Arbeidarpartiet. Han var ordførar i heimbyen frå 1964 til -69, og deretter stortingsrepresentant frå 1969 til 1981.

Hansen var sentral i lokalpolitikken i Bergen i over 15 år. Frå 1951 var han med i formannskapet i byen til han hausten 1969 vart vald inn på Stortinget. Han var varaordførar i Bergen i perioden 1956–1959 og ordførar i seks år frå 1964 til 1969. Heilt frå fyrste halvdel av 1950-talet hadde han ei rad sentrale verv i den kommunale verksemda. Gjennom sine år som ordførar markerte han seg som ein talefør representant for byen og det lokale partilaget.

Stortingsvalet i 1969 førte Hansen inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Bergen. Ved dei seinare stortingsvala vart han vald inn for Hordaland fylke. I den fyrste fireårsperioden på Stortinget var han medlem av Samferdselskomitéen. Resten av tida, 1973–81, var han medlem av Finanskomitéen, samt nestformann i Forsvarskomitéen 1973-77.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]