Harry Houdini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Harry Houdini
Harry Houdini by LaPine Studios, 1915.png
Fødd 24. mars 1874
Budapest
Død

31. oktober 1926
Detroit

Yrke skodespelar, utøvar, flygar, filosof, filmprodusent, historikar, tryllekunstner, stunt performer
Harry Houdini på Commons
Reklamebilete av utbrytarkongen Harry Houdini rundt 1899.
Houdini i filmen The Man from beyond frå 1922.

Erik Weisz (fødd 24. mars 1874 i Budapest, død 31. oktober 1926 i Detroit) var ein utbrytarartist og tryllekunstnar. Han tok kunstnarnamnet Harry Houdini etter Jean Eugène Robert-Houdin. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1920-åra avsløra han triks som vart utført av fleire personar som hevda at dei var medium som kunne oppretta kontakt med personar som var døde. Harry|last1=HoudiHan arbeidde òg med å avsløra triks av personar som hevda at dei var synske.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn, tidleg suksess[endre | endre wikiteksten]

Erik Weisz / Harry Houdini var sjuande son av ein jødisk rabbinar. Han byrja karrieren alt i tenåra, i 1891, då som tryllekunstnar. Han var særs fingerferdig, men han klarte ikkje tene nok som tryllekunstnar.

I staden gjekk han meir over til utbrytarkunsten, der han hadde desto større framgang. Det store gjennombrotet kom i 1898, då Houdini-truppen teikna kontrakt med varietéagenten Martin Beck og med det fekk inn foten inn i Orpheum Western Circuit, ein kjeda av varietéer i California. På Martin Becks råd strauk Houdini alle tryllekunstane frå framsyninga si - på denne måten kunne Houdini bookast inn utan å måtta konkurrera med andre tryllekunstnarar.

Den 22. juni 1894, då han var tjue år, gifta han seg med Bess Rahner som òg hadde artistbakgrunn.

Utbrytarkongen Houdini[endre | endre wikiteksten]

Harry Houdini var karismatisk på scena og forefalt å rå over ein usannsynlig evne til å kunna bryta seg ut av kjettingar, handjern og tvangstrøyer. Teknisk sett var Houdini temmeleg gjennomsnittleg samanlikna med samtidige utbryterkonger. Grunnen til verdsryet var i staden hans dugelege marknadsføring. I ein prydelig tidsalder der journalfilmen gjorde sitt inntog, gjorde det inntrykket då han tok av seg dei fleste kleda (til skilnad frå kollegaene) og lét seg binda i jern. Framgangen førde blant anna til ein europaturné. Det nordlegaste han kom var København, der han den 16. 1913 hadde ein suksesspremiére på Cirkus Beketow. Det vart berre med éi tilstelling der, for den 17. juli kom eit telegram med bodet at hans mor var død.[2] Houdini tok nyheta hardt og braut kontrakten med sirkuset. Den 20. juli reiste han svært deprimert med båt til New York - og etterlét all rekvisita (som kjedar og handjern) i Europa.

I skildringane til samtidige kollegaer fremgår det at Harry Houdini ofte tok til stygge knep i konkurransen. I boka The Complete Jarrett av Jim Steinmeyer er det eit brev frå tryllekunstneren Guy Jarrett, som var gift med den kvinnelege utbryterkunstnerinnen Minerva. Av forklaringane fremgår det som om Minerva var særs teknisk dugeleg og hadde god sans for publisitet. Ho vart eit trekkplaster i USA, Cuba og store delar av Europa. Det inneber at ho gjorde det meste Houdini gjorde, men betre. Då Houdini kom til Europa omkring 1908 sammenfalt hans turné med Minervas. Jarrett skrivar: -..han freista å overkøyra ho der. Ein av hans menn helte syra i vasstynna under hennes tilstelling, så ho vart sterkt forbrunne. Heldigvis merkte ho at det svei før ho hadde fått hovudet under, og hoppa straks ut igjen. Ho kunne ha vorte permanent blind...

Magikeren Houdini[endre | endre wikiteksten]

Houdini med elefanten Jennie, som han trylte vekk i 1918

Til trass for Houdinis enorme fremgang med utbryterkunsten, var trylling enno hans lidenskap. Under sin karriere freista han ofte å ha reine trylleforestillinger, men mislukkast. I 1918 gjorde Houdini ei gigantisk tilstelling på New York Hippodrome, der trekkplasteret var at han skulle trylla bort elefanten Jennie. For at detta skulle lukkast engasjerte han den engelske illusjonsdesigneren Charles Morritt, som oppfann ein imponerande metode til Houdini (så nyskapande at det tok over 75 år innan andre tryllekunsterne kunna rekonstruera den).

Di verre var Morritts metode utforma for eit lokale med dei firkanta proporsjonane til eit teater. Sidan hippodromen meir likna eit breitt amfiteater, kunne knapt ein tredjedel av publikum sjå inn i kassen og sjå at elefanten var forsvunnen. Resten av publikum oppfatta ikkje ein gong at noko uvanleg var skjedd. Houdinis tryllekarriere spora atter av.

Derimot resulterte tilstellinga i 1918 i ein berømt spøk. I korthet: -To menn ber inn ei stor kasse. Ein elefant går inn i kassen. Tryllekunstneren gjer magiske gestar og opnar kassen igjen - og kassen er tom, elefanten er borte! Så kjem trettiåtte mann inn og ber ut kassen.

Houdini måte gå attende til utbryterkunsten, som skulle gjera han udøyeleg.

Mediumavsløreren Houdini[endre | endre wikiteksten]

Harry Houdini var kanskje det einskildmennesjket som bidrog mest til allmennhetens avtakande tiltru til spiritistiske påstandar etter første verdskrig.[3]

I slutten av 1890-talet hadde han sjølv verkt som medium og halde seansar for å kome ut av kassen, men så fort hans karriere vart ifare slutta han med dette.[4] Hans kritiske engasjement vart vekt i 1919, då han under ein europareise fekk oppleva korleis foreldre til falne vart utnytta av skruppelløse medium. Under europareisen vitja han seansane til hundretal av kjende og omtalte medium – i få tilfelle så han noko teikn på kontakt med ånder - berre bløff og humbug.[5]

I 1922 utlova tidsskriftet Scientific American to premiar på kvar 2 500 dollar til den som kunne presentera eit åndefotografi, teke i kontrollerte former, og til det mediet som kunne framkalle ein autentisk, synleg, fysisk manifestasjon. Houdini vart ein av fem sakkyndige i dommarpanelet som skulle sjå til at eventuelle kandidatar vart testa på rett vis.[6]

Eitt av dei mest omtala media som søkte om å få testast, var «Margery» (pseudonym for Mina Crandon). Det var nær ved at premien på 2 500 dollar vart utbetalt til ho, men Houdini hadde ikkje fått vera med under førebuingane og insisterte på at den ikkje skulle avgjerast i hans fråvær. Då testen fann stad under Houdinis overoppsyn vart det ganske lett for han å konstatera at òg Margery var ein bløff. Han publiserte i 1924 ei forklaring for testane i den 40-sidige brosjyra Houdini Exposes the useden til trick by the Boston Medium «Margery».

Blant andre avsløringar verd å nemnast er det det unge italienske mediet Nino Pecoraro som hadde klårt å forbløffa Arthur Conan Doyle ved seansar i New York. Houdini vart ikkje informert om ein serie testseansar arrangert av Scientific American i desember 1923, men klarte likevel å ta seg til vorte den fjerde i rekkja. Umiddelbart kunne han konstatera at det reipet som bann mediet til ein stol, ikkje var nokon match for ein bedrager. Han justerte reipet og Pecoraros evner opphøyrde. Åtte år seinare vedkjende Pecoraro seg sitt bedrageri i ein pressekonferanse.

Spanjolen med røntgensyn. Joaquin Maria Argamasilla, var av nobelpristakeren Charles Richet vorte erklært å vera eit ekte medium, men Houdini klarte å plassera seg bak denne ved ein demonstrasjon i USA i 1924 og kunne så oppdaga det som ikkje var synleg framanfrå: mediet fuska. Houdini nytta seg sjølv seinare av Argamasillas tricks og lærde det òg bort til Horace Gouldin.

Årsaka til Houdinis besatthet vart antatt å vorte, at han etter sin mors død ville finna nokon som kunne kontakta ho på rett vis. Før sin død avtalde han eit kodeord med sin hustru for å unngå at framtidige medium skulle klara å overtyda ho om at nokon hadde kontakt med han, og vice versa.

Houdinis øvrige verksemd[endre | endre wikiteksten]

Houdini i fimen The Man from Beyond

Harry Houdini var òg interessert i film. Han skreiv ei mengd manus og opptrådde i seks filmar mellom 1919 og 1923. Filmane består i regel av laust sammenføyde handlingstrådar, mest innretta mot at Houdini skulle kunna visa fram sin fysikk i ei mengd usannsynlige stunt. Noko av manusa kan finnast via «The Learned Pig» (lenkje under).

Houdinis død[endre | endre wikiteksten]

Harry Houdini døydde 52 år gamal av blindtarmbetennelse. Nokon meiner at Jocelyn Gordon Whitehead drap Houdini med gjentekne slag i magen. Fleire leger trur likevel at Houdini uansett ville døydd av betennelsen og at slaga ikkje hadde verknad.

Broren Theo Hardeen arva Houdinis rekvisita, men klarte aldri å få hans fremgang. Ingen medium klarte heller å overtyda fru Bess om at dei hadde etablert kontakt med Houdinis ånd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Houdini, Harry (1926). Conjuring (13th utg.). Encyclopædia Britannica. Henta 26. mars 2011. 
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2010-10-10. 
  3. Terence Hines: Pseudoscience and the Paranormal, Prometheus Books, New York 2003, s. 50. ISBN 1-57392-979-4. 
  4. Kimberly Louagie (2009). «Houdini: A Magician Among the Spirits». The History Museum at the Castle. Arkivert frå originalen 2010-04-25. Henta 6. mars 2009. 
  5. Harry Houdini: A Magician Among the Spirits, Arno Press, 1972. ISBN 0-405-02801-6. 
  6. Milbourne Christopher: Mediums, Mystics & the Occult. New Revelations About the Psychics and Their Secrets, Crowell, 1975. ISBN 0-690-00476-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]