Harry Kewell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Kewell
HarryKewell.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Harold Kewell
Fødd 22. september 1978
Fødestad Sydney
Høgd 180 cm
Posisjon Ving, midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Galatasaray
Nummer 19
Ungdomsklubbar
1990-95
1995-96
Australia Marconi Stallions
Flag of England.svg Leeds United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-2003
2003-08
2008-
Flag of England.svg Leeds United
Flag of England.svg Liverpool
Tyrkia Galatasaray
182 (46)
93 (12)
57 (23)
Landslag
1996- Australia Australia 45 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 23. november 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 23. november 2009

Harry Kewell (fødd 22. september 1978 i Sydney i New South Wales) er ein australsk fotballspelar som spelar for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for det australske landslaget.

Han spelte i Premier League i England i 13 år, frå 1995 til 2008, fram til 2003 for Leeds United og deretter for Liverpool. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2000, medan han spelte for Leeds United, og til årets spelar i Oseania i 1999, 2001 og 2003. I 2005 var han med på vinna den europeiske Meisterligaen med Liverpool.

Kewell vart den yngste australske A-landslagsspelaren nokonsinne då han debuterte i ein kamp mot Chile i april 1996, 17 år og 7 månader gammal. Han skåra det første landslagsmålet sitt borte mot Iran i november 1997 i ein playoff-kamp for kvalifisering til fotball-VM i 1998.