Harry Turtledove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harry Turtledove
Harry Turtledove 2005.jpg
Pseudonym Dan Chernenko, Eric G. Iverson, Mark Gordian, H.N. Turteltaub
Nasjonalitet Sambandstatane
Fødd 14. juni 1949, Los Angeles, Kalifornia
Yrke novelist, små historie, essayist, historikar
Påverka av L. Sprague de Camp, Poul Anderson
Rørsle Alternativ historie, science fiction
Sjanger Science fiction, fantasi, alternativ historie, historisk fiksjon, historisk
Nettstad http://www.sfsite.com/~silverag/turtledove


Harry Norman Turtledove (fødd 14. juni 1949) er ein amerikansk historikar og flittig forfattar, som har skrive arbeid innan historisk fiksjon, fantasy og science fiction. Han er kanskje den mest kjende forfattaren av alternativ (eller kontrafaktisk) historie. Turtledove er kjend for sine lange, episke seriar, sett ifrå ein tredjeperson sin synsvinkel. «Verdskrig», «Videssos» og «Kor få er att» er dei tre største bokseriane han.

I «Verdskrig» vert den jorda vi kjenner invadert av romvesen i 1943. Turtledove nyttar denne historia til å peike på menneskelege familieforhold, ideologiske forskjellar imellom dei dominerande gruppene, foræderi, m.m.

«Videssos» er ein fantasiserie, sett i ei verd analog til det Byzantium.

I «Kor få er att» vinn sørstatane borgarkrigen, og USA vert delt i to. Turtledove sender så dei konføderale og USA igjennom begge verdskrigane, mens utviklinga i Europa går i motsett lei av det historiske.

Turtledove har forfatta eit utall andre seriar og enkeltbøker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]