Hopp til innhald

Hartvig Caspar Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartvig Caspar Christie

Fødd25. november 1893
Hornnes kommune
Død21. mars 1959 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
Yrkepolitikar, skribent, luthersk prest
FarHonoratius Bonnevie Christie
BarnHåkon Christie
Alle verv

Hartvig Caspar Christie (fødd 25. november 1893 i Hornnes i Aust-Agder, død 21. mars 1959) var ein norsk prest og politikar for Høgre. Han var far til riksantikvar Håkon Christie.

Christie var son til ein prest og vart sjølv cand.theol. i 1917. Deretter gjorde han presteteneste i fleire kyrkjelydar i Akershus, frå 1946 sokneprest i Østre Bærum. Han var redaktør av «Norsk Kirkeblad» 1938-53 og gav ut fleire bøker om kristendom og norsk kyrkjeliv. Mellom bøkene finn ein Før 1739. Et bidrag til folkeundervisningens historie» frå 1927, og Den norske kirke i kamp» frå 1945.

Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget i perioden 1945-49, fekk Christie fast plass på Tinget etter stortingsvalet hausten 1949. Frå nyår 1950 til han døydde vel ni år seinare representerte han Akershus fylke og Høgre på Tinget. I den fyrste fireårsperioden var han sekretær i Kyrkje- og undervisningskomiteen, sidan medlem i same komiteen.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Før 1739. Et bidrag til folkeundervisningens historie, Oslo 1927
  • "Kirke og kristenliv på Romerike." I: Norske Bygder III, Bergen 1932
  • Kirke og kristenliv. Norsk Kulturhistorie 1935
  • "Das Gemeindeleben innerhalb der norwegischen Kirche." I: Ekklesia II 1936
  • Den norske kirke i kamp, Oslo 1945
  • Guds ord er ikke bundet. En samling prekener og taler holdt i den norske kirke i krigens tid 1940-45, Oslo 1945
  • Den norske kirke 1946
  • Høvik kirke 50 år. 1898-31. mars 1948, Sandvika 1948