Hartvig Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartvig Johnsen

Fødd9. juni 1867
Sannidal kommune
Død12. november 1952 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

John Hartvig Johnsen (9. juni 186712. november 1952) var ein norsk sakførar og politikar frå Kragerø som representerte einmannskrinsen Kragerø på Stortinget 1916–18. Han var tingets einaste representant vald for Fråhaldspartiet, og satt ikkje med noko anna parti.

Johnsen vart student frå ein privatskule i Kristiania i 1886 og var ferdig utdanna cand.jur. i 1893. Frå 1894 var han overrettsakførar i Kragerø. I Kragerø var han medlem i bystyret frå 1901, ordførar 1911–13 og 1920. Tingperioden 1916–18 møtte han på Stortinget, der han var medlem i Næringskomite nr 2. Det var i Johnsen si tid på tinget at det vart vedteke å byggje Kragerøbanen som eit sidespor til Sørlandsbanen.

Han var fødd på Skåtøy utanfor Kragerø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]