Hartvig Nissen den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartvig Nissen den yngre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1874
Oslo
Død

23. oktober 1945 (71 år)
Oslo

Yrke embetsmann
Far Per Schjelderup Nissen

Ole Hartvig Nissen (9. august 187423. oktober 1945) var ein norsk jurist og fengselsleiar. Han var ein markant embetsmann/aktør som sette spor etter seg på fleire felt i norsk kriminalpolitikk. Nissen arbeidde i Fengselsstyret 1899–1925 og var direktør for Botsfengselet 1925–44. Han var son til Per Nissen, medan Kristian Nissen var ein bror og Hartvig Nissen bestefar hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nissen tok eksamen artium ved Kristiania katedralskole 1892 og juridisk embetseksamen 1897. Etter eitt år som sorenskrivarfullmektig i Numedal og Sandsvær, arbeidde han som sekretær i Justisdepartementet (Fengselsstyret) 1899 og 1911–25 var han byråsjef ved same avdelinga, eit embete han hadde til han frå 1925 var direktør ved Botsfengselet.

Åra rundt 1900 var prega av reformer i strafferetten og i fengselsstellet. Nissen deltok i reformarbeidet med stor interesse og arbeidskapasitet. Ved sida av embetsgjerninga var han medlem av, og til dels sekretær for, ei rad offentlege komitear og kommisjonar. Dessutan skreiv han både artiklar og bøker om kriminalpolitiske og fengselsfaglege emne, mellom dei Forsorg for løslatte fanger frå 1917.

Nissen var medlem av Fengselsreformkomiteen av 1927, ein komite som la grunnlaget for lov av 6. juli 1933, ei lov som moderniserte fengselsloven av 1903. Dei liberale tankane som låg til grunn for 1933-lova har vorte vidareført i seinare fengselslover.

Han var sentral då Norges Forsorgs- og Verneforbund vart danna, og var formann i forbundet 1925–40. Frå 1937 var han den fyrste sjefen for Fengselsskolen (Kriminalomsorgens Utdanningssenter).

Nissen la mykje vekt på statistikk og gav ut fleire større kriminalstatistikkar. Mellom anna stod han for ei gransking om tilbakefalls-forbrytarar og ei anna om Forsømte og forbryderske barn i Norge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]