Hartvig Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hartvig Svendsen
Fødd22. desember 1902
Aremark kommune
Død24. februar 1971 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
FarAugust Svendsen
Alle verv

Hartvig Svendsen (22. desember 190224. februar 1971) var ein norsk bygningsmann, fagforeingsleiar og politikar frå Aremark i Østfold. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til 1965. Stortingsmann August Svendsen var far hans.

Svendsen arbeidde som bygningsmann i Mysen til 1928. Dei neste tre åra var han gardsarbeidar i Ås i Akershus. Deretter var han snikkar i Oslo frå 1931 til -37. Han engasjerte seg i fagrørsla, noko som seinare førte til at han vart formann i Norsk Bygningsarbeiderforbund.

Han busette seg i Ski i Akershus, der han frå 1937 representerte Arbeidarpartiet i heradsstyret, i fyrste omgang til 1940. I 1942 vart han arrestert av nazi-styresmakter og sat fange på Grini fram til våren 1945. Seinare i 1945 vart han vald til ordførar i Ski, eit ombod han hadde ut 1947. Den neste fireårsbolken, 1948-51, var han med i formannskapet. Toårsbolken 1956–57 var han ordførar att, sat sidan i formannskapet i Ski ut året 1963.

Svendsen vart vald til stortingsrepresentant frå Akershus hausten 1945, og vart attvald fire gongar. På Stortinget var han til januar 1949 medlem i Kommunalkomiteen og så 1949-53 formann i same komiteen. Dei to valperiodane 1954-57 og 1958-61 var han medlem i Finans- og tollkomiteen. Til sist hadde han 1961-65 plass i Samferdslekomiteen.

Perioden 1946-52 var Svendsen formann i Norsk boligbyggelags landsforbund. Han var formann 1952-60 i Akershus Arbeiderparti, og medlem 1953-57 i sentralstyret i Det norske Arbeidarparti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]