Haseki Sultan-komplekset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haseki Sultan-komplekset

ArkitektMimar Sinan
Stilosmansk arkitektur
Kart
Haseki Sultan-komplekset
41°00′31″N 28°56′30″E / 41.0086°N 28.9418°E / 41.0086; 28.9418
Bygningsplanar gjeve ut av Cornelius Gurlitt i 1912

Haseki Sultan-komplekset (også Hürrem Sultan-komplekset, tyrkisk Haseki Hürrem Sultan Külliyesi) er eit osmansk moskékompleks frå 1500-talet i Fatih i Istanbul. Det var det fyrste kongelege byggeprosjektet utforma av arkitekten Mimar Sinan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moskékomplekset blei bestilt av haseki Hürrem Sultan, kona til sultan Suleiman den store. Ho hadde gifta seg med sultanen kring 1534, og brukte truleg medgifta si til å støtta prosjektet.[1] Bygningane blei utforma av Mimar Sinan. Dette var det fyrste kongelege prosjektet hans, og det er mogleg at nokre element var planlagde av føregangaren hans.[2]

Komplekset omfatta ein fredagsmoské, eit suppekjøkken (imaret), ein madrasa, ein grunnskule (mektep) og eit sjukehus (darüssifa).[2] Det store komplekset blei bygt i fleire stadium på kvar side av ei smal gate. Moskéen blei fullført i 1538–39 (AH 945), madrasaen stod ferdig eit år seinare i 1539–40 (AH 946) og suppekjøkkenet i 1540–41 (AH 947). Sjukehuset var ikkje ferdig før i 1550–51 (AH 957).[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Moskéen har ei enkel utforming med vekslande lag av stein og murstein, og har ein minaret med eit galleri. Portikoen har fem bogar med fem små kuplar støtta av seks tynne marmorsøyler. Opphavleg var bønnesalen dekka av ein enkelt kuppel med ein diameter på 11,3 meter.[3] I 1612–13, under Ahmed I, blei moskéen utvida for å kunna husa fleire bedande. Ein ny dom blei lagt til, og bønehallen blei dobla i storleik.[2]

Sjukehuset har ein åttekanta føregard, og er den einaste bygningen i komplekset med ashlar-konstruksjon.[3] Den utskorne steininskripsjonen over inngangen frå gata er eit kronogram på tyrkisk som oppgjev konstruksjonsdatoen.[2] Madrasaen er U-forma rundt ein sentral gardsplass med 16 små celler og ein førelesingssal.[4] Suppekjøkkenet ligg også rundt ein føregard. Matlagingsområdet i nordenden har fire åttekanta piper.[5]

Komplekset blei restaurert i perioden 2010–2012.[6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]