Haseki sultan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haseki Sultan måla av Jean Baptiste Vanmour.

Haseki sultan var ein osmansk tittel som av og til blei nytta for den fremste hustrua til osmanske sultanar.[1] Det var ein heiderstittel som blei gjeven av sultanen til ei av konene hans om han ønskte å utmerka henne spesielt.

Tittelen blei nytta for fyrste gong for Hurrem Sultan i 1533, og siste gong for Rabia Sultan i 1692. Haseki Sultan tilsvarte ikkje den europeiske tittelen dronning, ettersom det ikkje var den høgaste tittelen for ei kvinne ved hoffet; kvinna med den høgast rang i hoffet og haremet var i staden mora til sultanen, som hadde tittelen valide sultan. Tittelen var opphavleg eksklusiv for ei kone, men kunne seinare bli gjeven til fleire av sultanen sine koner samtidig. Ibrahim I gav tittelen til åtte av haremskvinnene sine samtidig. Tittelen gjekk ut av bruk etter 1695 og blei bytta ut med tittelen kadınefendi, som deretter var den høgaste tittelen for konene til sultanen, men som aldri hadde så mykje prestisje som haseki sultan.

Namn Opphavleg namn Opphav Slutta å vera sultankone Død Gift med
Hurrem Sultan
خُرَّم سلطان
Aleksandra eller
Anastazja Lisowska
Kjend som Roxelana i vesten
rutenar, dotter av ein prest 15. april 1558 Suleiman den store
Nurbanu Sultan
نور بانو سلطان
Cecilia Venier-Baffo,
Rachel eller
Kalē Kartanou
veneziansk adeleg, jødisk eller gresk 15. desember 1574
ektemannen døydde
7. desember 1583 Selim II
Safiye Sultan
صفیه سلطان
Sofia albansk eller veneziansk adeleg 15. januar 1595
ektemannen døydde
10. november 1618 Murad III
Kösem Sultan
قسّم سلطان
Anastasia gresk, dotter av ein prest på øya Tinos 22. november 1617
ektemannen døydde
3. september 1651 Ahmed I
Ayşe Sultan
عایشه سلطان
ukjent[2] 1622
ektemannen blei avsett
after 1640 Osman II
Ayşe Sultan
عایشه سلطان
gresk 1632
ektemannen døydde
1680 Murad IV
Turhan Sultan
ترخان سلطان
Nadya russisk eller ukrainsk 12. august 1648
ektemannen døydde
4. august 1683 Ibrahim I
Muazzez Sultan
معزز سلطان
ukjent[3] 12. august 1648
ektemannen døydde
1687
Aşub Sultan
آشوب سلطان
Katarina ukjent, kanskje serbisk[3] 12. august 1648
ektemannen døydde
4. desember 1689
Ayşe Sultan
عایشه سلطان
Ayşe krimtatar 12. august 1648
ektemannen døydde
Mahienver Sultan
ماه انور سلطان
tsjerkessar 12. august 1648
ektemannen døydde
Saçbağlı Sultan Leyla tsjerkessar 12. august 1648
ektemannen døydde
1694
Şivekar Sultan
شوکار سلطان
Meryem armensk 12. august 1648
ektemannen døydde
11. september 1688
Hümaşah Sultan
ھما شاہ سلطان
Humasah tsjerkessar eller georgiar 12. august 1648
ektemannen døydde
28. april 1680
Gülnuş Sultan
گلنوش سلطان
Evmania Voria gresk 8. november 1687
ektemannen blei avsett
6. november 1715 Mehmed IV
Rabia Sultan
رابعه سلطان
ukjent ukjent 6. februar 1695
ektemannen døydde
14. januar 1712 Ahmed II


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peirce, Leslie P. (1993). The Imperial Harem: Women and Sovereignty in the Ottoman Empire. New York: Oxford University Press, Inc. ISBN 0-19-507673-7.
  2. Peirce (1993) s. 106
  3. 3,0 3,1 A.D. Alderson, The Structure of the Ottoman Dynasty, Clarendon Press, Oxford, 1955, p.83