Haslebuskane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Haslebuskane er ein vidt spreidd vandreslått som ein finn variantar av i Hordaland, Sigdal, Hallingdal og Telemark. Slåtten er einfelt å lett å lære seg, og har om lag same grunnoppbygging som Nordfjordingen eller Moguten. Namnet Haslebuskane skriv seg frå stevet til telemarksforma, som nok er det mest kjende.

Haslebuskane, dei er småe
og dei er full utav nætar
danse lett med den unge drosi
so frys du inkje på føtan
Eg har høyrt du er god te danse
og at du er no ein snåle kar
Ja, du fær no ein lensmannsdotter
og eg har høyrt du sko stå deg bra.

Den mest kjende varianten av stevet var nytta av Talleiv Røysland frå Lårdal. Stevet og slåtten er moglegvis av dei mest kjende frå Telemark, og har vore mykje nytta på kvedarseminar. Då det vart halde kvedarkurs på Club 7 i 1969 var denne ein gjengangar. Geir Lystrup har fortald om ein visesongar som ikkje nådde siste bussen til Hasle i Oslo etter eit slikt seminar, og tok til å synge denne varianten: Haslebussane, dei er raude, og dei gjeng ikkje om nettan...

Slåtten er spela på nedstilt bass i somme variantar, mellom anna i ei nydikta form som vart laga av Knut Buen.

Sidan slåtten er så einfelt, har taka lett for å smitte over på andre slåttar. Variant 428b under vantar til dømes dei taka som er karakteristiske for dei andre formene, og Kvernsurren frå Numedal kan ha nytta berre første veket av den opphavlege forma.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har fått nr 428 i hardingfeleverket. Her er det skrive opp tre variantar, medan det er to i tillegget til band sju. Sidan det er skrive opp om lag ein variant frå kvart distrikt, er det uråd å få visse om kvar slåtten høyrer heime på det grunnlaget. Dei fleste vil nok hevde at kjerneområdet er Telemark.

Etterrakst: