Hasners ventil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hasners ventil (plica lacrimalis) er ein slimmehinnefald nedst i tårekanalen.[1] Den dekkjer til dels over kanalen og hindrar luft frå å strøyme opp i tåresekken.[1]

Ventilen er imperforert (lukka) hjå opptil 70 % av nyfødde, men plar perforerast (opne seg) under den fyrste levemånaden.[2] Perforeringa kan også ta lenger tid og medføra overflod av tårer, i tillegg til mukopurulent utflod, som er ei blanding av slim og puss.[2] Storleiken og forma på ventilen er veldig varierande, og hjå somme (20 % ifylgje ein studie) er den fråverande.[3]

Den er kalla opp etter den austerrikske oftalmologen Joseph Hasner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Millodot, Michel (2009). Dictionary of Optometry and Visual Science. Butterworth-Heinemann. 
  2. 2,0 2,1 «Nasolacrimal System Anatomy». Medscape. Henta 21. mars 2016. 
  3. «Anatomical features of the opening of the nasolacrimal duct and the lacrimal fold (Hasner's valve) for intranasal surgery: a cadaveric study.». PubMed. Henta 21. mars 2016.