Hasselfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°5′4.8480″N 14°38′56.022″E Hasselfors er ein svensk tettstad i Laxå kommun i Örebro län i landskapet Närke. Det ligg mellom dei to innsjøane Toften, der ein før fløyta tømmer, og Teen med fine badeplassar. I Hasselfors finst eit naturreservat og ein nesten 400-årig brukshistorie, der Hasselfors Bruks AB drev jernhandsaming torvbryting samt skogbruk fram til 1996 då bruket blei avvikla og seld. Frå 1996 er det Sveaskog som driv skogsbruket. I Hasselfors bruksmuseum finst historia bevart.

Av andre føretak i Hasselfors finn ein Setra, som driv eit stort sagbruk basert på grantømmer. Jan. F. Andersen A/S driv kursverksemd og utstilling for veterinærar. Hasselfors skule er ein barneskule med eit 50-tals elevar. Hasselfors Värdshus gir høve for å få kjøpt mat.

I år 2005 hadde tettstaden 463 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]