Hasselnøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hasselnøtter.
Hasselnøtter.

Hasselnøtt er nøtta frå tre og buskar i hasselslekta (Corylus), særleg europeisk hassel. Ho er den einaste av nøttene knytte til jula som botanisk sett er ei ekte nøtt, dvs. ei tørr frukt som ikkje opnar seg før frøet inni spirer.[1] Det finst omlag 15 artar av hassel som veks i tempererte delar av den nordlege halvkula. Hasselnøtter veks særleg i Europa og Asia. Tyrkia og Italia er dei to største produsentlanda i verda.[2]

Nøttene er næringsrike og velsmakande, og har vore ettertrakta som vintermat frå gammal tid. Nokre forskarar meiner tilmed at jeger- og samlar-folk før utviklinga av jordbruket bevisst sådde hasselnøtter rundt seg.

Hasselnøtter blir ofte nytta til baking og søtsaker, til pralin, og ofte i lag med sjokolade, til dømes i pålegga Nutella og Nugatti. Hasselnøttolje er ei planteolje med sterk smak som kan nyttast som matolje.

100 g hasselnøtter inneheld 16 g protein, 60 g feitt, 20 g karbohydrat, 4 g fiber og 2,8 g oske. Vidare 250 mg kalsium, 400 mg fosfor, 4 mg jern, 2,1 mg natrium, 900 mg kalium, 0,3 mg tiamin, 0,5 mg riboflavin, 5,3 mg niacin og 6 mg vitamin C, som gjev 650 kcal.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Per H. Salvesen (27. november 2013), «Hasselnøtt», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 21. februar 2023 
  2. «Inventory of Hazelnut Research, Germplasm and References». www.fao.org. Henta 28. august 2020. 
  3. «HASSEL - Corylus avellana», www.rolv.no, henta 21. februar 2023