Hasta la vista av Hurricane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hasta la vista»
Song av Hurricane
Land Serbia
Språk Serbisk
Utgjeve 7. februar 2020
Sjanger Dance-pop, R&B
Lengd 03:01
Låtskrivar(ar) Nemanja Antonić, Kosana Stojić, Sanja Vučić

«Hasta la vista» (spansk for 'på gjensyn') er ein serbisk popsong frå 2020 som vert framført av jentegruppa Hurricane. Songen skulle ha vore det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Songen vart utgjeven 7. februar 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Hasta la vista» er komponert av Nemanja Antonić, medan Kosana Stojić og Sanja Vučić har skrive teksta.[3] Songen har serbisk tekst, men tittelen er spansk, og det er enkelte engelske ord i teksta.[3] «Hasta la vista» vart utgjeven for nedlasting og strøyming 7. februar 2020. Ein omarbeidd versjon av låten, og dessutan ein musikkvideo, vart utgjeven 27. februar same år.[4]

6. februar 2020 vart Hurricane og «Hasta la vista» offentleggjord som ein av 24 deltakarar i songtevlinga Beovizija 2020.[5] Beovizija vert arrangert av kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS), og vinnaren skulle representere Serbia i Eurovision Song Contest. «Hasta la vista» kvalifiserte seg frå semifinalen 29. februar 2020, og deltok i finalen dagen etter.[6] Der vann songen både jury- og telefonavrøystinga og vart dimed det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020.[7]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2020 vart Serbia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai, men på grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[8][9] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «‎Hasta la Vista by Hurricane» (på engelsk). Arkivert frå originalen 4. desember 2021. Henta 2. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Hurricane – Serbia – Rotterdam». eurovision.tv. 1. mars 2020. Henta 2. mars 2020. 
  4. «Serbia: Hurricane release "Hasta la vista" revamp and music video ahead of Beovizija 2020» (på engelsk). 27. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  5. «Serbia: RTS reveals the 24 songs competing in Beovizija 2020» (på engelsk). 6. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  6. «Serbia: Beovizija 2020 Semi-Final 2 qualifiers include Hurricane» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  7. «Serbia: Hurricane win Beovizija 2020 with "Hasta la vista" | Eurovision» (på engelsk). 1. mars 2020. Henta 2. mars 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. «Second Semi-Final Rotterdam 2020». eurovision.tv. 2020. Henta 2. mars 2020.