Hatholmen fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hatholmen fyrstasjon
FylkeVest-Agder
KommuneMandal
FunksjonInnseglingsfyr
Oppretta1867
Koordinatar58°00.2050′N 7°26.9647′EKoordinatar: 58°00.2050′N 7°26.9647′E
Fyrtårn
Høgd7,2
FormFyrbygning
ByggjematerialeTre
Fyrlys
Lyskarakter2 lysglimt vart 10. sek.
Lyshøgd19,0 moh
Lysvidde9,0 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1984
Avfolka1984
VernestatusFreda etter lov om kulturminne

Hatholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på Indre Hatholmen i Mannefjorden midt i innseilingen til Mandal i Vest-Agder.

Hatholmen fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Hatholmen fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1867 og hadde bemanna drift fram til 1984 då det vart avfolka og automatisert. Den 6. mai 1991 overtok Mandal Kystlag drifta og vedlikehaldet av fyret. Fyret vart bygd samstundes med Ryvingen fyrstasjon og har funksjonelt og visuelt samband med denne.

Sjølve fyrbygningen er i tre og er eit 1 1/2 etasjar høgt bustadhus med tilhøyrande lykterom. Fyret har 4. ordens linseapparat frå 1931. Det vart ombygd til solcelledrift i 1985.

Anlegget omfattar elles uthus, hønsehus, maskinhus og oppheng for taubane, trapper og bru, samt naust og landing. Anlegget vart tilrettelagt som bustad av fyrmeisteren og familien hans og på holmen finst hage og bedd.

Hatholmen fyrstasjon er i dag freda etter lov om kulturminne.

Det er i sommarmånadane høve for overnatting på fyret eller såkalla «fyrferie».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]