Hatkriminalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lynsjing var ein utbreidd hatkriminalitet i USA frå slutten av 1800-talet og fram mot slutten av 1960-talet. I denne perioden blei omkring 3500 afroamerikanske og 1300 kvite menneske lynsja. Bildet viser lynsjinga av Lawrence Nelson i Okemah i Oklahoma, 25. mai 1911.

Hatkriminalitet er lovbrot motivert av hat eller fordommar. Motivet avgjer om eit overgrep kan karakteriserast som hatkriminalitet. Dersom det til dømes er rasistiske, framandfiendtlege, religionsfiendtlege eller homofobiske haldningar mot ein person eller ei gruppe som ligg til grunn for ugjerninga, er ugjerninga å sjå på som hatkriminalitet, utan omsyn til om dei som vert utsette for ugjerninga faktisk er å rekne til den gruppa hatet er retta mot.

Hatkriminalitet er etter definisjonen alltid ei uprovosert handling, sidan udådsmannen berre er motivert av den identiteten som offeret har eller vert trudd å ha. Dette gjer at hatkriminalitet ofte vil kunne vere meir skadeleg for dei som vert råka enn om ugjerninga hadde eit anna motiv, sidan dei ikkje berre vert krenkte fysisk, men i tillegg vert utsette for hat og forakt på eit vis som dei aldri kan vere trygge på er avgrensa til dei skuldige i den aktuelle saka, men som dei kan frykte er ein del av eit utbreidd mønster.

Hatefulle ytringar eller haldningar som kan kjennast krenkande eller sårande, er ikkje alltid å rekne som hatkriminalitet. Det er ikkje utan vidare ei kriminell handling å kome med hatefulle ytringar, eller å syne ei diskriminerande haldning. Hatefulle ytringar eller handlingar som er ulovlege etter straffelova må såleis skiljast frå dei utslaga av hat som ikkje er brot på straffelova, men som likevel kan vere ei sak for Likestillings- og diskrimineringsombodet, leiinga på skulen eller arbeidsplassen. Men ligg det trugsmål eller grov sjikane mot personar eller grupper i slike utsegner, vil det vere å rekne som hatkriminalitet. Nokre døme på hatkriminalitet er fysisk vald, trugsmål, skadeverk, ærekrenkingar, sjikane og diskriminering.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!