Hatlestad terrasse
Utsjånad
Hatlestad terrasse er eit bustadområde og ein blindveg på Hatlestad i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørover frå Osvegen og i ein hestsko mot nord. Vegen er om lag 1,1 km lang.
Namnet vart vedteke i 1973 og er kalla opp etter garden Hatlestad.
Staden vart landskjend i september 2005 då ekstreme nedbørmengder førte til eit ras som råka eit rekkehus. Tre menneske mista livet og sju vart skadde.
Knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- E39 Osvegen
- Sideveg austover (70 m)
- Sideveg sørvestover (50 m)
- Sideveg austover (60 m)
- Sideveg sørvestover (140 m)
- Sideveg sørvestover (100 m)
- Hatlestad terrasse 101
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Nasjonal vegdatabank Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.