Hats Off to (Roy) Harper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hats Off to (Roy) Harper
Song av Led Zeppelin
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Eksperimentell rock, elektrisk blues
Lengd 3:42
Selskap Atlantic Records
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) (trad.)
Produsent Jimmy Page

«Hats Off to (Roy) Harper» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det er den siste songen på albumet Led Zeppelin III frå 1970. På songen spelar Jimmy Page slidegitar medan Robert Plant syng gjennom ein tremolo. Songen vart på albumet oppført som «arrangert av Charles Obscure», som var eit psevdonym for Page.

Songen er ein medley av forskjellige bluessongar og tekstar, som «Shake 'Em on Down» av Bukka White[1] Songen er derfor både ei hyllest til den samtidige visesongaren Roy Harper og den viktige amerikanske bluesartisten som spelte inn musikk i 1960-åra.

Roy Harper er ein visesongar frå England som Jimmy Page møtte på Bath-festivalen i 1970. Han vart nær ven av bandet, som inviterte han med som oppvarming på nokre seinare Led Zeppelin-konsertar. I 1971 spela Page på Harper-albumet Stormcock, som «S. Flavius Mercurius». Harper song seinare solovokal på Pink Floyd-songen «Have a Cigar» frå Wish You Were Here i 1975. I 1985 spela Page inn eit album med Harper kalla Whatever Happened to Jugula?. Harper forklarte:

« Eg brukte å møte opp på kontoret deira i Oxford Street, der Peter Grant og Mickie Most var. Ein dag var Jimmy der og gav meg den nye plata. Eg sa berre takk og tok han under armen. Jimmy sa 'Sjå på han'. Så eg vridde det vesle hjulet rundt og tok han under armen igjen. Veldig fint og alt det. Så sa han igjen 'Sjå på han!'. Då oppdaga eg Hats Off To (Roy) Harper. Eg vart veldig rørt.[2] »

«Hats Off to (Roy) Harper» startar med eit rart lydklipp frå studioinnspelinga. Songen vart gjeven ut som singel i Polen med «Out on the Tiles» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. "Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 23.