Hatzerim
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hatzerim | |
חֲצֵרִים | |
kibbutz | |
Namneopphav: Landsbyane | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Negev |
Distrikt | Det sørlege distriktet |
Kommune | Bnei Shimon |
Koordinatar | |
Grunnlagd | oktober 1946 |
- Grunnlagd av | israelske speidarar |
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla |
Wikimedia Commons: Hatzerim | |
Hatzerim (hebraisk skrift חֲצֵרִים, tyder Landsbyane) er ein kibbutz 8 kilometer vest for Beersheba i Negevørkenen i Israel. Han er kalla opp etter ein stad i Bibelen (Femte mosebok 2:23),[1] som nemner ein stad i nærleiken: «Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza». Han er ein del av Bnei Shimon regionale kommune.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden vart grunnlagd i oktober 1946 av ei ung gruppe i speidarar, som seinare fekk med seg flyktningar frå Iran, som vart kalla «Barna frå Teheran». Dei lærte seg jordbruk og fekk militæropplæring, og vart ein del av bakkestyrkane til Haganah. I 1960-åra vart Hatzerim flybase bygd i nærleiken.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hatzerim» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.192f , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)