Haugatun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haugatun er eit ungdomshus på Bru i Strandebarm i Hardanger som vart freda som kulturminne i 1993 som det einaste ungdomshuset i dette distriktet.

Eigar av ungdomshuset er Strandebarm Ungdomslag, stifta i 1895 av vaksne og ungdomar frå Strandebarm og dei nærmaste bygdene ikring. I byrjinga hadde ungdomslaget møta sine i skulehuset på Bru i Strandebarm. Men det tok ikkje lang tid før trongen til å ha eit eige hus melde seg. Etter time på time med dugnadsarbeid og pengegåver fra folk i bygda, stod «Haugatun» ferdig på Bru i 1929. Huset hadde då kosta 45.000 kroner, medrekna kostnadene til innbu og kjøken.

Føremålet med fredinga av «Haugatun» i 1993 var å ta vare på bygningen som eit «arkitektonisk og kulturhistorisk verdifullt eksempel på denne type forsamlingshus». Arkitekt for huset var Torgeir Alvsaker, som hadde teikna fleire liknande ungdomshus i mellomkrigstida. Bygget liknar på ei lita kyrkje utan tårn, men med våpenhus. Det kan karakteriserast som eit nyklassisistisk trebygg.

I nyare tid har huset blitt brukt til ulike aktivitetar, som til dømes kino, bingo, basar, dans, teater, kurs og til utleige.

Ungdomslaget har hatt ein periode med liten aktivitet i laget, slik som mange andre tilsvarande lag, men opplever eit oppsving i aktivitetsnivået att, mykje på grunn av nye impulsar både i styret og utanfrå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Haugatun i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren