Haugeburet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haugeburet
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Haugeburet er eit mellomalderloft i bygda Åraksbø i Bygland kommune i Setesdal. Ifølgje årringsdatering er bygningen oppført i år 1218. Han blir omtalt som den nest eldste profane (ikkje-kyrkjelege) bygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Bygningen blir òg omtalt som Haugenloftet, og er den eldste ståande trebygningen i Aust-Agder.[1]

Haugeburet blei freda gjennom kulturminneloven i 1924, og er no eit automatisk freda kulturminne. Haugeburet er eit av dei minst ombygde og meste autentiske loftsbygningane i landet og har difor særskilt høg verneverdi.

Bygningen er i to etasjar, med eit rom i kvar etasje. Rommet i første etasje blir lokalt kalla «bur» medan andre etasje blir kalla «burloftet». Det er svalgang rundt heile loftsetasjen, og utvendig trapp opp til denne etasjen. Loftet er eit av dei største i landet. Storleiken er om lag 6 x 6 m.

Loftet er oppført med findalslaft, ein alderdommelig lafteteknikk som blei brukt i mellomalderen, vanlegvis før svartedauden. Bygningen ligg på jamstore novsteinar. Haugeburet er lafta med ovale stokkar og sylstokken er høg og prismeforma. Laftehovuda er fint profilerte i andre etasje, medan dei er avslitne i første etasje. Det er solide plankegolv i begge etasjane. I loftsrommet er det ein hjell tvers over døra.

Fleire detaljar på bygningen viser korleis han har vore brukt. Restar av tjørekrossar over døra til bura viser at ein ville verna forrådet mot vonde vetter, og i dørstokkane finst det spor etter hogging av kjøt. Himlingen har spretteljing. I området rundt Haugeburet ligg ei rekkje gravhaugar frå jernalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haugenloftet i Setesdal - Aust-Agders eldste trebygning, Avtrykk.no, 24.04.2018

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Berg, Arne: 1995 Norske tømmerhus fra mellomalderen bind V

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]