Psalmebog for Kirke og Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hauges Salmebok)
Hauges salmebok

Psalmebog for Kirke og Hus, mest kjend som Hauges Salmebok, var utarbeidd av Andreas Hauge og vart den 11. oktober 1873 autorisert for bruk ved offentleg gudsteneste i Noreg der kyrkjelyden gjorde vedtak om det.

Salmeboka var konservativ både i salmeval og språkbruk, og i konkurranse med Landstads salmebok fekk ho aldri noka særleg utbreiing — i 1904 hadde 90 av dei 965 kyrkjesokna i Noreg gjort vedtak om å nytte Hauges Salmebok.

Andreas Hauge gav ut eit utkast til salmeboka i 1863.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]