Haugsholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°11′44.246″N 5°26′27.524″E Haugsholmen er ei vel 700 m lang og på det vidaste 400 m brei øy i Haugsfjorden i Sande kommune. Haugsholmen ligg to km vest for Hakallestranda i Vanylven, og er matrikkelgard nummer 53 i Sande.

Ein kjenner ikkje til at Haugsholmen har vore busett før slutten av 1600-talet. Frå kringom 1700 var Haugsholmen lensmannsgard og tingstad. På same tid vart det bygt opp eit kremarleie på Haugsholmen, som seinare i hundreåret fekk status som privilgert gjestgjeveri.

Haugsholmen fekk kai og rutesamband frå 1904. Næringsverksemda var allereie før den tid basert på tilverking og handel med fisk. Frå 1920-åra til 1960-åra var ein sildoljefabrikk i drift. Sidan 1970-åra har busetnaden minka mykje, og Haugsholmen er nærast for feriestad å rekne.

Haugsholmen fyr vart bygt i 1876 på Vestre Frekøya, ei mindre øy vel ein kilometer nord-nordvest for sjølve Haugsholmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandesoga. Band III. Volda, 1997