Haukøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°10′47″ N 16°15′48″ E

Haukøyfjorden sett mot sørvest
Foto: TorbjørnS (2013)

Haukøyfjorden er ein fjordarm av Tysfjorden i Tysfjord kommune i Nordland. Fjorden er om lag 7 km lang og om lag like brei og utgjer den austlege delen av Tysfjorden sør for Skardberget. Fjorden er kalla opp etter Haukøyholmen som ligg aust i fjorden.

Av busetnader langs fjorden finn ein Hundholmen heilt ytst i fjorden på sørsida. Aust for Hundholmen ligg Kjelkvika og grenda med same namn. Haukøya er ei grend som ligg ytst på ei halvøy med same namn, like innanfor Haukøyholmen.

Frå Haukøyfjorden går det tre fjordarmar innover i landet. Den største av desse er Stefjorden som ligg aust for Haukøyholmen og går søraustover. Han har igjen Sildpollen som ein fjordarm nordover. Sør for Haukøayholmen ligg Tømmerfjorden og vest for denne igjen ligg Fuglfjorden