Haukedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Haukedalen
Kommune: Førde
Fylke: Sogn og Fjordane
Folkemengd: 120 (?)
Postnummer: 6818
Ved Haukedalsvatnet
Foto: Jan-Tore Egge

Haukedalen er ei bygd aust i Førde kommune. Bygda ligg i starten på Gaulardalføret, og eitt av hovedløpa til Gaularvassdraget renn igjennom bygda. Haukedalsvatnet startar i bygda. Ut frå kor bygda ligg burde kanskje Haukedalen høyrt til Gaular kommune, sidan bygda er skild frå Førde med fjellovergangen over Rørvikfjellet. Veikryss ved RørvikflåtenRv 13 fører innover mot Haukedalen.

Bygda har eiga kyrkje, Haukedalen kyrkje, som ligg ved Gjerland i den austlege enden av Haukedalsvatnet. Bygda er mykje prega av landbruk og bygda har 25 aktive gardsbruk. Ein del av innbyggjarane er pendlarar, der dei fleste pendlar til kommunesenteret Førde.

Bygda er og kjend for å huse ordføraren i Førde, Nils Gjerland. Haukedalen har eigen barneskule, Frøysland skule, som rommar 1.-7. trinn. Haukedølingane må reise til Førde for å gå på ungdomsskule.

Komponisten Johannes Haarklou var frå Haukedalen.