Haukedalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 61°25′13″N 6°22′15″E

Haukedalen kyrkje
kyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Førde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Holsen og Haukedalen
Fellesråd Førde
Type Langkyrkje
Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff
Material Tre
Innvigd 8. juli 1885
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 120
Wikimedia Commons: Haukedalen kyrkje

Haukedalen kyrkje (tidlegare Haukedalen kapellkyrkje og Haukedal kapell) står i Haukedalen austom Haukedalsvatnet i Førde kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1884. Ho vart vigsla 8. juli 1885.

Haukedalen kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Haukedalen kyrkje
Ved inngangen
Foto: Eirik U. Birkeland

Bygningen vart sett opp etter teikningar av arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff og har sitjeplassar til 120 personar. [1]

Haukedalen kyrkje er no i lag med Holsen kyrkje soknekyrkjer i Holsen og Haukedalen sokn i Sunnfjord prosti. Tidlegare hadde gudshuset i Haukedalen status som kapell under Holsen, og før Haukedalen fekk eiga kapell på slutten av 1600-talet sokna folket i området til Holsen kyrkje.[1] Kapellet frå 1600-talet vart riven i samband med bygginga av noverande kyrkje. Ei altartavle frå 1673 som hang i gamlekyrkje er no i samlinga til Sunnfjord Museum.[1]

Altartavla som står i kyrkja er frå 1692.[1] Preikestolen og døypefonten vart laga til kyrkja då ho var ny.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]