Haukefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haukefamilien


Kongeørn
Kongeørn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Vitskapleg namn
Accipitridae

Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar. Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, Falkar og karakaraer. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.

Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins er sekretærfugl (Sagittariidae) og kondorar (Cathartidae) òg vanlegvis no betrakta som eigne familiar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Portrett av ei kvithovudørn viser det kraftige bøygde nebbet og cere som dekkjer nebbrota.
Foto: Adrian Pingstone

Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle (Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg.[1] Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane.[2] Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.[3]

Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.

Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt.[4] Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.[5]

Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Som fruktetar er palmegribb uvanleg i haukefamilien, men vil òg ta fisk, spesielt daud fisk
Foto: Tom Tarrant
Shikrahauk i Hyderabad, India
Foto: J.M.Garg
Orientvepsevåk, Pernis ptilorhynchus, hannfugl i Haryana, India
Foto: J.M.Garg

Medlemmer i haukefamilien er hovudsakleg predatorar, og dei fleste artane jaktar aktivt. Bytet blir vanlegvis fanga og drepe med dei kraftige klørne og deretter rive i stykkar med nebbet til for eksempel føde til ungar. Eit fleirtal i haukefamilien er opportunistiske rovdyr som vil ta eventuelle byttedyr som dei kan drepe. Men dei fleste har ein preferanse for ein bestemt type byttedyr som til dømes at kjerrhaukar og våkar tenderer mot å ta små pattedyr som gnagarar, og at Accipiter-haukar tenderer mot å jakte andre fuglar. Dei fleste artane vil supplere kosten med kjøt frå friskt åtsel, men sjølvsagt er ingen så spesialiserte med dette som gribbane. Nokre artar kan opportunistisk ete på frukt, og hos ein art, palmegribb, dannar frukt største delen av kosthaldet.[6] Dei fleste artane vil ikkje ete plantemateriale. Rundt 12 artar lever av utelukkande insekt, 44 andre artar tar insekt i stor mengd, og mange andre tar insekt ved høve.[4] Dietten til vepsevåkar inkluderer ikkje berre insekt som kvefs og bier, men òg honning og vokskaker frå bolet.[7] Snigelglente og kroknebbglente er spesialistar på å ete sniglar. «Ørner» er fleire rovfuglartar som ikkje nødvendigvis er nært nærskyldte, men kan vere breitt definerte av storleik og av at dei tar av typisk større byttedyr, inkludert mellomstore pattedyr og større fuglar. Dei fleste artane åtek byttedyr mindre enn dei sjølve. Likevel har einskilde artar vorte registrerte i flukt med byttedyr i klørne litt tyngre enn seg sjølve, ein prestasjon som krev stor fysisk styrke. Haliaeetus-havørner, Ichthyophaga-elveørner og fiskeørn føretrekkjer i hovudsak å jakte på fisk, fisk gjev ut for meir enn 90 % av føda for dei to sistnemnde slektene. Store artar i familien kan tidvis supplere dietten med andre akvatiske dyr enn fisk. Bazaer i Perninae og skoghaukar i slekta Accipiter kan ta reptil frå tre, medan andre artar jaktar reptil på bakken. Slangar blir spesielt mat for slangeørner og snokørner av slektene Circaetus, Spilornis og Dryotriorchis. [4]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artane i familien har vore delt inn i omtrent 5 til 10 underfamiliar. Dei fleste med ein svært lik morfologi, men mange av desse gruppene inneheld taksa som er meir avvikande. Desse er plassert meir tilfeldig i sine høvesvise posisjonar. Det er derfor ikkje veldig overraskande at den fylogenetisk utforminga av Accipitridae alltid har vore kontroversiell.

Accipitridae er gjenkjenneleg med ein særeigen ordning av kromosoma.[8] Bortsett frå dette, gjev morfologi og mtDNA cytokrom b sekvensdata eit forvirrande bilete av samanhengane mellom desse fugleartane. Kva som kan seiast er at haukar, glentar, ørner og gribbar slik dei no er plasserte, mest sannsynleg ikkje dannar monofyletiske grupper.

Til dømes er underfamilien Buteoninae, ifølgje molekylære data, mest sannsynleg polyfyletisk eller parafyletisk, der ekte ørner, havørner, og buteo-våkar tilsynelatande representerer dei ulike linjene.[9]

Oversyn underfamiliar og slekter[endre | endre wikiteksten]

Slektene i haukefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [11] Slektene er så langt mogleg gruppert i underfamiliar etter oversyn i Lerner, H. R. L.; Mindell, D. P. (2005), Phylogeny of eagles, Old World vultures, and other Accipitridae based on nuclear and mitochondrial DNA,[12] men slik at rekkjefølgja frå Clementslista er intakt.

Perninae, 17 bazaer, glentar og vepsevåkar

Elaninae, 6 glentar

Milvinae, 10 glentar

Haliaeetinae, 10 havørner

Gypaetinae, 4 gribbar

Aegypiinae, 12 gribbar

Circaetinae , 15 slangeørner

Buteoninae?, 2 våkar

Circinae, 13 kjerrhaukar

Polyboroidinae, 2 klatrehaukar

Buteoninae?

  • Kaupifalco, øglehauk, Kaupifalco monogrammicus

Melieraxinae, 4 haukar

Accipitrinae, 51 haukar

Buteoninae, 52 våkar

Harpiinae, 4 ørner[14]

Aquilinae, 36 ørner

Artar som er kjente i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artikkel om Haast's eagle hos forskning.no
  2. Paton, P. W. C.; Messina, F. J.; Griffin, C. R. (1994). «A Phylogenetic Approach to Reversed Size Dimorphism in Diurnal Raptors». Oikos 71 (3): 492–498. doi:10.2307/3545837. 
  3. Ferguson-Lees, James; Christie, David A. (2001). Raptors of the World. Illustrated by Kim Franklin, David Mead, and Philip Burton. Houghton Mifflin. ISBN 978-0-618-12762-7. 
  4. 4,0 4,1 4,2 del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J., eds (1994). Handbook of the Birds of the World. 2. Barcelona: Lynx Edicions. ISBN 84-87334-15-6. 
  5. Ward, J.; McCafferty, D.; Houston, D.; Ruxton, G. (2008). «Why do vultures have bald heads? The role of postural adjustment and bare skin areas in thermoregulation». Journal of Thermal Biology 33 (3): 168–173. doi:10.1016/j.jtherbio.2008.01.002. 
  6. Thomson, A. L.; Moreau, R. E. (1957). «Feeding Habits of the Palm-Nut Vulture Gypoheerax». Ibis 99 (4): 608–613. doi:10.1111/j.1474-919X.1957.tb03053.x. 
  7. Shiu, H. J.; Tokita, K. I.; Morishita, E.; Hiraoka, E.; Wu, Y.; Nakamura, H.; Higuchi, H. (2006). «Route and site fidelity of two migratory raptors: Grey-faced Buzzards Butastur indicus and Honey-buzzards Pernis apivorus». Ornithological Science 5 (2): 151–156. doi:10.2326/osj.5.151. 
  8. Nandaa, et al. (2006). «Extensive gross genomic rearrangements between chicken and Old World vultures (Falconiformes: Accipitridae)». Cytogenetics and Genome Research 112 (3-4): 286-295. doi:10.1159/000089883. 
  9. Wink, M.; Heidrich, P.; Fentzloff, C. (1996). «A mtDNA phylogeny of sea eagles (genus Haliaeetus) based on nucleotide sequences of the cytochrome b gene» (PDF). Biochemical Systematics and Ecology 24 (7–8): 783–791. doi:10.1016/S0305-1978(96)00049-X. 
  10. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 8. oktober 2011 
  11. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  12. Lerner, H. R. L.; Mindell, D. P. (2005). «Phylogeny of eagles, Old World vultures, and other Accipitridae based on nuclear and mitochondrial DNA». Molecular Phylogenetics and Evolution 37 (2): 327–346. doi:10.1016/j.ympev.2005.04.010. ISSN 1055-7903. PMID 15925523. 
  13. 13,0 13,1 Slekta går inn i underfamilie Buteoninae i studie av Lerner, H. R. L.; Mindell, D. P. (2005)
  14. Ny underfamilie etter framlegg frå studie av Lerner, H. R. L.; Mindell, D. P. (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haukefamilien