Haukrei kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haukrei kraftverk
Haukrei kraftverk
Tekniske data
Plassering Fyresdal kommune
Eigar Skagerak Kraft
Etableringsår 1992
Fallhøgde 103 m
Magasinkapasitet 106 millionar
Aggregat Francisturbin
Installasjon 16 MW
Årsproduksjon 49 GWh

Haukrei kraftverk er eit vasskraftverk ved Haukereivatnet i Arendalsvassdraget i Fyresdal kommune, Telemark. Kraftverket vart sett i drift i 1992 og utnyttar eit fall på 103 meter mellom Hovvatn og Haukreivatnet.

Fisstøylvatnet er ein del av Torsdalsmagasinet som hovudsakleg ligg i Valle kommune. Magasinet består av dei tidlegare vatna Fisstøylavatnet, Hovatnet og Raudvatnet.

Det er installert to Francisturbinar med ei totaleffekt på 16 MW, og leverer årleg gjennomsnittleg 49 GWh. Nedslagsfeltet til magasinet er på 151 km2 og normalt årstilsig er på 206 millionar m3.

Kraftverket er bygd i samband med ein eksisterande tappetunnel bygd for Finndøla kraftverk, og kraftverket køyrast i samdrift med Finndøla.

Eigar er Skagerak Kraft.