Haulbowline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haulbowline
Land  Irland
Kart
Haulbowline
51°50′30″N 8°18′00″W / 51.841666666667°N 8.3°W / 51.841666666667; -8.3
Wikimedia Commons: Haulbowline

Haulbowline (irsk Inis Sionnach) er ei øy i Cork Harbour utanfor kysten av Irland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya har ein strategisk posisjon utanfor Cork på djup vatn og har lenge vorte nytta som ein militærbase. Det vart bygd festningsverk på øya i 1602, som var ein viktig base for den britiske hæren. Seinare flytta den britiske hæren til den nærliggande Spike Island, og festningsverka gjekk over til den britiske marinen. Marinen oppretta eit stort arsenal på øya og eit skipsverft vart bygd under Napoleonskrigane.

I motsetnad til andre festningsverk i Cork Harbour, som var ein del av traktathamnene, vart skipsverftet gjeve til Den irske fristaten i 1923.

Haulbowline husar i dag hovudkvartert til den irske marinen.

Stålverksemda Ispat var tidlegare plassert på øya, men fabrikken la ned i 2002. Mykje radioaktiv forureining vart verande igjen i jorda etter at stålproduksjonen vart lagt ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]