Hausstock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hausstock
fjell
Nordvestveggen av Hausstock
Land  Sveits
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 158 moh.
Primærfaktor 518 m ↓  mot ↑ Tödi
Koordinatar 46°52′32″N 9°4′0″E / 46.87556°N 9.06667°E / 46.87556; 9.06667
Lettast tilkomst Sørryggen
Førstestiging  
 - dato 1832
Kart
Hausstock
46°52′27″N 9°03′56″E / 46.874298888889°N 9.0655991666667°E / 46.874298888889; 9.0655991666667
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Hausstock

Hausstock er eit 3 158 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits, i kantonen Graubünden. Ein russisk hær under general Aleksandr Suvorov trekte seg tilbake nær fjellet i 1799. Klatrarar frå fleire land var aktive her på 1800-talet. Også i dag er det mange klatrarar og skigåarar som søker til Hausstock.

Geografi, geologi[endre | endre wikiteksten]

Til liks med andre nummulitt-formasjonar i Glarus-Alpane, består Hausstock av finkorna svart sandstein. Fjellet er del av Glarus-forkastinga, ei veldig forkasting. Topplaget består av Verrucano-formasjonar, 250-300 millionar år gamle, som ligg på eit lag av krit, 100-150 millionar år, og flysch, 35-50 millionar år gammalt. I 2008 vart forkastinga erklært for å vere ein geotop, og kom med på UNESCO si liste over verdsarven, ein geologisk verdsarv under namnet Swiss Tectonic Arena Sardona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1799, føretok den russiske generalen Aleksandr Suvorov eit strategisk tilbaketog frå kampar mot franske styrkar i Italia. Styrkane gjekk over Panixerpass (2407 moh), som knyter byen Glarus (472 moh) med bygda Panix (på 1300 moh). Panix ligg på austsida av fjellet langs elva Schmue.

I fylgje den US-amerikanske klatraren W.A.B. Coolidge, vart toppen av fjellet nådd fyrste gongen i 1832. Hausstock er det høgste fjellet ved landsbyen Elm, der ein vanlegvis startar ein tur til toppen av fjellet.

I dag er Hausstock eit utfartmål for skirennarar, lett tilgjengeleg frå Elm gjennom eit sett av skitrekk, oppsette straks etter 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]