Haustfest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dekorasjon til ein haustfest i bykyrkja i Wernstein am Inn i Austerrike.

Haustfest eller innhaustingshøgtid er ei årleg feiring av grøden ein har hausta inn. Ein kan feira han på ulike årstider, i tempererte strok gjerne om hausten.

Haustfestar er gjerne viktige i samfunn der jordbruk står sterkt, men kan også vera tradisjonelle i andre samanhengar. Fleire religiøse høgtider er også haustfestar, slik som indisk lohri og jødisk sukkot. Den kinesiske midthaustfesten eller månefesten er også ei buddhistisk høgtid. I kristen tradisjon har mikkjelsmesse i slutten av september og mortensmesse i november vore dagar ein kan ha markert som haustfestar. Ein kan også kan hausttakkefestar (engelsk harvest festival) i kyrkja andre dagar.

I Nord-Amerika er thanksgiving blitt ein kulturelt viktig hausttakkefest.