Hopp til innhald

Hauts-de-France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hauts-de-France
region
Land  Frankrike
Hovudstad Lille
Areal 31 813 km²
Folketal 5 992 194 (1. januar 2023)
Kart
Hauts-de-France
49°55′00″N 2°42′00″E / 49.916666666667°N 2.7°E / 49.916666666667; 2.7
Wikimedia Commons: Hauts-de-France

Hauts-de-France ('Øvre Frankrike') er ein administrativ region i Nord-Frankrike. Regionen grensar til dei belgiske provinsane Vest-Flandern og Hainaut. I nord har han kyst mot Nordsjøen og i nordvest mot Den engelske kanalen. Lille er regionshovudstad.[1]

Hauts-de-France blei skipa som region den 1. januar 2016 ved ei samanslåing av dei to tidlegare regionane Nord-Pas-de-Calais og Picardie. Regionen omfatter dei fem departementa Aisne, Nord, Oise, Pas-de-Calais og Somme.

  1. Valls, Manuel; Cazeneuve, Bernard; Baylet, Jean-Michel (28. september 2016). «Décret n° 2016-1265 du 28 septembre 2016 portant fixation du nom et du chef-lieu de la région Hauts-de-France» (på fransk). Legifrance. Henta 15. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hauts-de-France