Havbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som syner undervasstopografien (batymetri). Som terreng på land, har havbotnen ryggar, dalar, sletter og vulkanar.

Havbotnen er den delen av jordoverflata som er dekt av hav. Havbotnområda dekkjer kring 361 mill. km² eller 70,8 % av det samla arealet til jordoverflata. Gjennomsnittsdjupna til havbotnen er kring 3800 meter.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga av havbotnen.

Havbotnen kan delast inn i fleire topografiske provinsar:

  • Kontinentalsokkelen dannar ein brem av grunt hav utanfor kysten av kontinenta. Denne omfattar den svakt skrånande kontinentalhylla og den brattare kontinentalskråningen som fører ned til djuphavet. Gjennomsnittsdjupna ved ytterkanten til kontinentalhylla er 130 meter, medan den nedre grensa for kontinentalskråningen er sett til kring 2000 meter.
  • Kontinentalstiginga utgjer dei særs svakt skrånande flatene som fører ned frå foten av sokkelen til kring 4000 meter.
  • Djuphavsslettene med djupner mellom 4000 og 6000 meter utgjer nesten 30 % av jordoverflata.
  • Midthavsstigninga og midthavsryggane, dekkjer kring 23 % av jordoverflata og er eigne provinsar.
  • Djuphavsgropene har ei største djupne på kring 11 000 meter.
  • Undersjøiske fjell, som regel av vulkansk opphav.

Geologisk oppbygning[endre | endre wikiteksten]

Langs dei vulkanske midthavsryggane vert det stadig danna ny basaltisk havbotnskorpe, som glir utover til begge sider i ein prosess kalla platetektonikk. Havbotnskorpa vert med tida dekt av eit tynt lag med lause sediment. Terrigen sediment er sand, slam og liknande, ført ut i havet frå kystområde med elvar, straumar og is. Biogene sediment er avsett av havorganismar, som for ein stor del er planktoniske og som har skal av kalk eller kiselsyre (silisiumdioksid, SiO2). Kjemisk utfelte sediment er danna av kjemiske reaksjonar i vatnet og mellom vatnet og bergartane i havbotnskorpa.

Ressursar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste økonomiske interessene har hittil lege i førekomstane av petroleum i kontinentalsokkelen.

Mineralressursane i djuphavet har vore kjend i lang tid, og mellom anna vart manganknollar eller nodular funne av den britiske Challenger-ekspedisjonen alt i 1872–1876. Det var derimot først i tida etter 1960 at underøkinga av djuphavet og ressurane her vart intensivert. Ein har funne ut at sedimenta på djuphavet kan innehelde store konsentrasjonar av sambindingar som er rike på fleire grunnstoff, som jern, mangan, sink, kopar og fosfor. Utnyttinga av mineralførekomstane på havbotnen lar seg realisere teknisk, men eigedomsforholda er derimot enno uklåre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Havbunnen». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 13. august 2014.