Have You Ever Seen the Rain?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Have You Ever Seen the Rain
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Pendulum
B-side «Hey Tonight»
Utgjeve Januar 1971
Innspelt 1970
Sjanger Rock, roots-rock
Lengd 2:39
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Lookin' Out My Back Door»
(1970)
Have You Ever Seen the Rain «Sweet Hitch-Hiker»
(1971)


«Have You Ever Seen the Rain» er ein song skriven av John Fogerty og gjeve ut som singel i 1971 frå albumet Pendulum (1970) av den amerikanske rockegruppa Creedence Clearwater Revival. Songen gjekk til topps på salslista i Canada i mars 1971. I USA nådde han åttandeplassen på Billboard Hot 100 same året og på Cash Box-lista nådde han tredjeplassen, medan han i Noreg nådde andreplassen og i Storbritannia berre 36. plass i Storbritannia. Det var den åttande singelen til gruppa som selde til gullplate i USA.[1]

Somme har spekulert i om teksten syner til Vietnamkrigen, der «rain» eller «regn» er ein metafor for fallande bomber.[2] Fogerty sjølv har i intervju og på konsertar sagt at songen handlar om det dårlegare forholdet som hadde oppstått i bandet og som førte til at broren Tom slutta i bandet.[3]

John Fogerty gav ut ein konsertversjon av songen på hans The Long Road Home - In Concert frå Wiltern Theatre i Los Angeles i 2005.


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia 6
Austria 6
Belgia 6
Canada RPM Top Singles[4] 1
Finland 13
Nederland 3
New Zealand (Listener)[5] 3
Noreg 2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[6] 1
Sverige 8
UK (OCC) 36
US Billboard Hot 100[7] 8
US Cash Box Top 100[8] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia [9] 40
Canada [10] 13
Sør-Afrika [11] 14
US Cash Box [12] 60

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[13]
sales since 2009
Platina 30 000*
South Africa (RISA)[14] Gull 100,000
Storbritannia (BPI)[15] Sølv 250 000^
USA (RIAA)[16] 2× Platina 4 000 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vert spelt i bakgrunnen i filmen «Philadelphia».
  • Ein kan høyre heile songen mot slutten av «Look Again», den første episoden av fjernsynsserien Cold Case.
  • Songen vert nytta i opninga av filmen Evan Almighty.
  • Songen vart spelt i The Longest Yard frå 2005.
  • I filmen December Boys kan ein høyre både CCR-versjonen og ein rolegare instrumentalversjon.
  • Ein kan høyre songen i ein av episodane av Tour of Duty, kalla «The Good, the Bad and the Dead» (slutten).
  • Dexter i episoden «Father Knows Best».
  • I sesongfinalen av Nurse Jackie.
  • I siste episoden av Stargate SG-1.
  • Han er spelbar i videospelet Rock Band 3 .

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chronicle, Vol. 1 Linear Notes
  2. SongMeanings - Creedence Clearwater Revival - Have You Ever Seen The Rain
  3. Have You Ever Seen The Rain? by Creedence Clearwater Revival Songfacts
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Henta 4. april 2017. 
  5. http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=742#n_view_location Flavour of New Zealand, 3. mai 1971
  6. «SA Charts 1965 - 1989 Songs H-I». South Africa's Rock Lists. Henta 20. september 2020. 
  7. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  8. «Cash Box Top 100 3/13/71». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 7. juni 2015. Henta 7. april 2018. 
  9. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 2016-06-02. Henta 20. september 2020. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 
  11. «Top 20 Hit Singles of 1971». Henta 19. september 2020. 
  12. «Cash Box YE Pop Singles - 1971». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2016. Henta 7. april 2018. 
  13. «Italian single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Have You Ever Seen the Rain» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 17. april 2020.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Creedence Clearwater Revival in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  14. Feldman, Peter (18. mars 1972). «From The Music Capitols of the World - Johannesburg». Cash Box. s. 54. Henta 19. april 2020 – via Google books. 
  15. «British single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Have You Ever Seen the Rain». British Phonographic Industry. Henta 20. september 2020.  Enter Have You Ever Seen the Rain in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  16. «American single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Have You Ever Seen the Rain». Recording Industry Association of America. Henta 30. november 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]