Havfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selkvinne frå færøysk tradisjon.

Havfolk er ein type vesen frå folketru, mytologi og litteratur som har menneskelege trekk, men bur i havet og også har eigenskapar knytt til havdyr som fisk, sel og liknande. Dei omfattar vesen som havfrue, havmann, selkvinne (selkie), sirener og merrow.

Teikning av havmann som skal ha blitt fanga i Austersjøen i 1531.

Havfolk i Harry Potter-verda[endre | endre wikiteksten]

Havfolk er eit folkeslag i forteljingane Harry Potter. I bokserien opptrer dei for fyrste gong i Harry Potter og Ildbegeret, under den andre prøven i Tretrollmannsturneringa. Havfolk elskar musikk, og er i grunnen ikkje vondsinna vesen, men er sett i MD-klasse:XXXX, som tydar Farleg - krever spesialkunnskap, men kan behandlast av særleg kyndig trollmann. Men sidan Havfolk ikkje samtykkjer i å bli klassifisert som dyr, er dette varierande.

Utsjånaden på havfolk er nesten like variert som blant menneske, ettersom artane og slaga lever verda rundt. Dei har organiserte samfunn, men menneska veit likevel like lite om skikkane og levesetta deira som dei gjer med kentaur-folk. Det finst også skotske selkiar og irske merrowar, men desse er ikkje like vakre som denne typen havfolk. I bøkene har havfolk gråleg hud og vilt grønt hår, medan dei i filmane har blå hud og svart-blått hår.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]