Havgeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Relieff av ei fiskegeit frå Det nære Austen frå 2. tusenåret fvt.

Havgeit, sjøgeit eller fiskegeit er eit fabeldyr som har framkroppen til ei geit og bakkroppen til ein fisk.[1]

Stjernebildet Steinbukken blir ofte framstilt som ei havgeit. Dette har vore gjort sidan bronsealderen i Mesopotamia. Då brukte babylonarane nemninga MULSUḪUR.MAŠ, 'Geitefisken', til å symbolisera guden Ea.[2][3]

Gresk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Keisar Augustus sitt teikn som viser Steinbukken som ei havgeit.[4]
Gresk relieff av ei kvinne på ei havgeit.
Geiter ved Middelhavet.

Gammal gresk mytologi hadde førestillingar om havgeiter. Ifølgje soga var den første havgeita Pricus, som blei skapt av guden Chronos. Seinare blei Pricus opphavet til alle dei andre havgeitene, som var svært smarte, hadde taleevne og var elska av gudane.[5] Dei likte å halda til ved kysten, men dersom dei gjekk på land blei dei straks gjort om til vanlege geiter. Pricus, som hadde same eigenskap som far sin Chronos til å kontrollera tida, skrudde tida tilbake ei rekkje gonger for å gjera desse geitene om til havgeiter att. Til slutt valde han å la dei gå på land, og blei den einaste gjenverande havgeita.[6]

Jødisk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst også havgeiter i jødisk folkeminne. Som andre vesen i havet må dei ofra seg til monsteret Leviatan når tida kjem. Ein sjømann skal ha funne ei havgeit langt ute til havs. På horna hennar stod det innskrive: «Eg er eit lite sjødyr, men eg har reist tre hundre parasang for å ofra meg sjølv som mat til leviatanen.»[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Capricorn goat/sea goat». Mythology. Gods and Monsters. 
  2. Rogers, John H. (1998). «Origins of the ancient constellations: I. The Mesopotamian traditions». Journal of the British Astronomical Association 108: 9–28. Bibcode:1998JBAA..108....9R. 
  3. Espak, Peeter (2006). Master's Thesis (PDF) (Masters). s. 104. 
  4. Tamsyn Barton (1995). «Augustus and Capricorn: Astrological Polyvalency and Imperial Rhetoric». The Journal of Roman Studies (Society for the Promotion of Roman Studies) 85: 47. 
  5. «Capricorn mythology». Mythology. Gods and Monsters. 
  6. «Capricorn the goat». starsignstyle.com. 
  7. Louis Ginzberg. (1909) Legends of the Jews. Vol I, "The Creation of the World: The Sixth Day" og Vol IV, "Elisha and Jonah: Jonah in the Whale". [1]