Havlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Havlira)
Havlire
Havlire, Puffinus puffinus Foto: Ómar Runólfsson
Havlire, Puffinus puffinus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Havlire
Utbreiinga av Havlire
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: Havlire P. puffinus
Vitskapleg namn
Puffinus puffinus
Havlireegg.

Havlire (Puffinus puffinus) er ei mellomstor lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Atlanteren. Havlira hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, dei fleste innanfor Dei britiske øyane. Ho er ein langdistansemigrant som trekkjer sørover i den nordlege vinteren til havområda utanfor Brasil og Argentina, dels òg utanfor Sør-Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Havlira har den typiske lireflukta, flyg lågt over vassflata, med seriar av grunne, kvikke vengeslag med stive venger, etterfølgt av glideflukt med litt hengjande venger. Ho har sotsvart overside og er kvit under. Hovudet er mørkt ned til undersida av auga og den kvite undersida har eit relativt skarp skilje mot den kvite halsen, der andre lireartar har meir diffus overgang mellom over og undersida. Undersida av vengene har ein mørk, tydeleg avgrensa kant rundt heile vengen, som inkluderer mørke vengespissar. Kroppslengda er ca. 30-36 centimeter og ho veg ca. 450 gram.[1]

Populasjonen var estimert til over ein million individ i 2004 og er minkande.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei britiske øyane finst det hekkekoloniar på Newfoundland og på småøyar utanfor Massachusetts. Dessutan på Island og sørover til Kanariøyane.[2] Nokre få streiffuglar har funne vegen så langt som til Australasia.[1]

I norske farvatn[endre | endre wikiteksten]

Dette er den mest vanlege lira som kan treffast i Nordsjøen. I Norsk Ornitologisk Forening og Artsdatabanken sitt rapportsystem for fuglar er det meldt inn observasjonar av over 1300 havlirer i åra frå 2004 til 2011. Det finst observasjonar frå Finnmark til indre Oslofjorden, men Rogaland og Agder utgjer nær halvparten av tilfella. Juli og august månad har til saman dei fleste av observasjonane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International, 2012
  3. Rapportsystemet for fugler systemet samlar informasjon lagt inn av friviljuge observantar og tala representerer ikkje eit perfekt statistisk utval av fuglar som faktisk passerer kysten. Observasjonar henta frå systemet 9. juni 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Havlire