Havregraut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havregraut kokt på vatn.
Havregraut med mjølk.

Havregraut eller havregrynsgraut er ein grautrett laga av kornslaget havre. Som regel lagar ein grauten ved å koka opp havregryn i vatn eller mjølk. Det er også vanleg å tilsetja salt når havregrauten kokar. Det går også an å laga graut med kaldt vatn eller mjølk over fleire timar, typisk over natta.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Havren kom til Nord-Europa frå den fruktbare halvmånen for ca. 2500 år sidan.[2] Det nordeuropeiske klimaet er gunstig for havre, og havre blei svært utbreidd i dei nordiske landa.[2] I Danmark har ein dyrka havre sidan 500-1000 år f.Kr.[3] I Noreg var det først etter 1945 at havre blei sett på som ein del av kosthaldet. Dette kom av dei vanskelege tidene i etterkrigstida der behovet for mat som var lett tilgjengeleg og billeg blei særs viktig.[2]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Jamt inntak av havregryn er blitt hevda å redusere blodtrykk og kolesterol.[4] Ved å eta havregraut jamleg vil ein styrke immunforsvaret ifølgje nokre studiar.[5] Enkeltstudiar har også funne ein gunstig effekt av havregryn på søvn og hjarte.[6]

Astma og allergiforbundet skriv at dei fleste personar med cøliaki tolererer havre.[7] Derfor kan desse også forsiktig introdusera havregryn i kosthaldet sitt. Det finst også glutenfrie havregryn som eut substitutt til dei som også reagerer negativt på vanleg havre. Enkeltstudiar har vist at det kan vera positivt for folk med cøliaki å eta havre.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overnight oats», BBC Good Food (på engelsk), henta 6. august 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 Buxrud, Hanne (2016). «Korn&Frø». Grøt på Ville Veier. Cappelen Damm. ISBN 9788202520977. 
  3. Andersen, Lasse (2014). Graut. Frukost, Lunsj og Middag. Samforlaget. ISBN 9788252185317. 
  4. «Oats». www.whfoods.com. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 30. oktober 2016. 
  5. Tsikitis VL; Albina JE; Reichner JS (August 2004). «Beta-glucan affects leukocyte navigation in a complex chemotactic gradient». NCBI. 
  6. Goldberg RJ; Ciampa J; Lessard D; Meyer TE; Spencer FA (Mars 2007). «Long-term survival after heart failure: a contemporary population-based perspective». NCBI. 
  7. NAAF. «Cøliaki og hveteallergi». www.naaf.no. Arkivert frå originalen 28. september 2017. Henta 28. september 2017. 
  8. L Högberg; P Laurin; K Fälth-Magnusson; C Grant; E Grodzinsky; G Jansson; H Ascher; L Browaldh; J-Å Hammersjö; E Lindberg; U Myrdal; L Stenhammar (Mai 2004). «Oats to children with newly diagnosed coeliac disease: a randomised double blind study». NCBI. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Havregraut